Fortid og framtid i sosialistisk minnekultur

av Steinar Lorås Sæter

Fortiden fører med seg en hemmelig indeks som henviser den til frelsen. For streifes vi ikke selv av et drag av den samme luften som omga tidligere mennesker? Er det ikke i stemmene som fyller ørene våre et ekko av de som nå har forstummet? Har ikke kvinnene vi omsvermer søstre de aldri har kjent? Om det er slik, da finnes en hemmelig avtale mellom tidligere generasjoner og vår egen.1

Lær av historia! Eller meir avdempa og ope, men framleis på same premissen: Kva kan vi lære av historia? Dette synet på fortida, som føreset at ho er eit lukka landskap, ei stengd erfaring og nærast eit pedagogisk oppslagsverk, er utbreidd. Eleven som møter historieboka for første gong, ser ofte på fortida slik: Her, mellom desse permane, finst forteljinga om det som har vore, men som no er borte. Vi er heldige som lever i dag, og vi har mykje å takke Historia for. For oss gjeld det no å trekkje slutningar av dette, lære av det som vart gjort rett – og av det som vart gjort feil.

Antonio Gramsci minte oss i 1919 om at eit slik tidsomgrep kan sette stengsel mellom notid og fortid: Historia underviser, men ho har ingen elevar. For fortida forsvinn aldri heilt frå oss, sjølv om alt som heftar ved henne, som gjenstandar og førestillingar om ho, risikerer å hamne i gløymsla. Men byttar vi preposisjon, så ser det annleis ut: Vi lærer ingenting av historia, men det nok mogleg å lære i ho. Dette tyder for det første å avvise at «Det var en gang…», som er kjensla mange meiningsprodusentar ønsker at vi skal sitte att med etter at vi har orientert oss i tid. Historia er ikkje – og var aldri – eit eventyr. Ho er heller ei stor utfordring, ho er både usikkerheit og moglegheiter, og ho kan ha mange utgangar. Og sjølv om heile det 20. hundreåret, med sine mange uventa vendingar, er ei lang åtvaring mot eit deterministisk historiesyn, har ærlege menneske både på og utanfor venstresida få grunnar til å sjå lyst på framtida. Fortsett lesing →