Muslimar som kjempa mot dei verkelege fascistane og nazistane

Av Sheila Musaji. Artikkelen er frå 2013.

I samband med den tiltakande bruken av det misleiande uttrykket ”islamske fascistar” i seinare tid, er det viktig å peike på nokre kjensgjerningar. Det kan ha vore nokre få muslimar som samarbeidde med nazistane og fascistane under den andre verdskrigen, men dei var ein liten minoritet. Dei fleste muslimar følgde påbodet frå Koranen:

De truande, stå fast opp for rettferd i Guds namn, anten dette måtte gjelde dykk sjølve, foreldra eller slektningen dykkar, rik eller fattig, for Gud er den som best kan verne dykk. Lat dykk ikkje leie av kjensler med mindre de er rettferdige. Og dersom de vert avleia frå eller avstår frå å handle rettferdig, vil Gud sanneleg vere kjend med kva de gjer” (Koranen 4:135). Continue reading →

Reklamer