Ein hær av velgjørarar

av David Graeber

«You know, education, if you make the most of it, you study hard, you do your homework and you make an effort to be smart, you can do well. If you don’t you get stuck in Iraq»

– John Kerry

«Kerry owes an apology to the many thousands of Americans serving in Iraq, who anwered their country’s call because they are patriots and not because of any deficiencies in their education»

– John McCain

 

I innleiinga til mellomvalet [kongressvalet i 2006], var republikanarane sin korte håpefulle augneblink, ein inkjevetta vits frå senator John Kerry. Spøken var openbert retta mot George W. Bush men republikanarane tolka spøken som at Kerry meinte at berre dei som droppa ut av skulen enda opp i militæret. Det heile virka temmeleg påtatt. Dei fleste skjønte godt at Kerry prøvde å insinuere at presidenten ikkje var så forferdeleg lur. Men høgresida lukta blod. Problemet med «aristo-krapyl» som Kerry, skreiv ein bloggar på nettstaden til National Review, er at dei går ut ifrå «at troppene er i Irak, ikkje fordi dei kjenner seg djupt knytt til saka, (det må dei nekte for), men heller på grunn av eit system som utnyttar deira mangel på sosiale og økonomiske moglegheiter (…) dette burde me hamre dei nådelaust i knollen med, heit frem til valdagen – akkurat som me gjorde i 04 – fordi det er hovudgrunnen til at dei fortener å tape»

Til sjuande og sist hadde det ikkje så mykje å seie, då amerikanar flest også avgjorde at dei heller ikkje kjente seg djupt knytt til saka – i den grad dei i det heile tatt skjønte kva oppdraget gjekk ut på. Spørsmålet me burde stille oss er: Kvifor måtte det ein militær katastrofe til (for ikkje å nemne ein strategi som gjekk ut på å unngå ein kvar tenkjeleg kobling til de nordaustlege elitane som Kerry for mange amerikanarar er eit krondøme på), før Demokratane endeleg kunne komme ut av den politiske øydemarka? Eller, med andre ord, kvifor har denne republikanske linja vist seg å vere så effektiv?

Det slår meg at for å nærme seg svaret må ein stikke nesa djupare inn i det amerikanske samhaldet enn kommentatorar vanlegvis er viljuge til å gjere. Me er vande med å redusere slike spørsmål til eit anten-eller: patriotisme versus utsikter. «Verdiar» versus «mat på bordet-sakar» som jobbar og utdanning. Men eg vil hevde at ved å formulere problemstillinga på denne måten speler ein ballen rett inn i hendene på høgresida. Det er definitivt mange som vervar seg til hæren fordi dei ikkje har andre utsikter. Spørsmålet som må bli stilt er: utsikter til å gjere kva? Fortsett lesing →