Revolusjonen si unge røyst

Av Anna Sofie Ekeland Valvatne

1. mai er arbeidarane sin dag for feiring. Me feirar kampane me har vunne gjennom fleire generasjonar, og me feirar dei som byggjer landet vårt kvar einaste dag. Men er arbeidarane sin dag noko me som ungdom bør engasjere oss i?

Ja, det meiner eg absolutt.

Sjølv med alle sigrane frå tidlegare generasjonar i ryggen, går unge ei usikker framtid i møte. Arbeidslivet er under press. Me ser at arbeidstakarane sine rettar blir bygde ned. Sosial dumping, auka bruk av innleige- og bemanningsbyrå og uoversiktlege selskapsformer er med på å svekke HMT-arbeidet, demokratiet på arbeidsplassen og maktbalansen mellom arbeidsgivarar og arbeidstakar. Continue reading →

Reklamer