Ein hær av velgjørarar

av David Graeber

«You know, education, if you make the most of it, you study hard, you do your homework and you make an effort to be smart, you can do well. If you don’t you get stuck in Iraq»

– John Kerry

«Kerry owes an apology to the many thousands of Americans serving in Iraq, who anwered their country’s call because they are patriots and not because of any deficiencies in their education»

– John McCain

 

I innleiinga til mellomvalet [kongressvalet i 2006], var republikanarane sin korte håpefulle augneblink, ein inkjevetta vits frå senator John Kerry. Spøken var openbert retta mot George W. Bush men republikanarane tolka spøken som at Kerry meinte at berre dei som droppa ut av skulen enda opp i militæret. Det heile virka temmeleg påtatt. Dei fleste skjønte godt at Kerry prøvde å insinuere at presidenten ikkje var så forferdeleg lur. Men høgresida lukta blod. Problemet med «aristo-krapyl» som Kerry, skreiv ein bloggar på nettstaden til National Review, er at dei går ut ifrå «at troppene er i Irak, ikkje fordi dei kjenner seg djupt knytt til saka, (det må dei nekte for), men heller på grunn av eit system som utnyttar deira mangel på sosiale og økonomiske moglegheiter (…) dette burde me hamre dei nådelaust i knollen med, heit frem til valdagen – akkurat som me gjorde i 04 – fordi det er hovudgrunnen til at dei fortener å tape»

Til sjuande og sist hadde det ikkje så mykje å seie, då amerikanar flest også avgjorde at dei heller ikkje kjente seg djupt knytt til saka – i den grad dei i det heile tatt skjønte kva oppdraget gjekk ut på. Spørsmålet me burde stille oss er: Kvifor måtte det ein militær katastrofe til (for ikkje å nemne ein strategi som gjekk ut på å unngå ein kvar tenkjeleg kobling til de nordaustlege elitane som Kerry for mange amerikanarar er eit krondøme på), før Demokratane endeleg kunne komme ut av den politiske øydemarka? Eller, med andre ord, kvifor har denne republikanske linja vist seg å vere så effektiv?

Det slår meg at for å nærme seg svaret må ein stikke nesa djupare inn i det amerikanske samhaldet enn kommentatorar vanlegvis er viljuge til å gjere. Me er vande med å redusere slike spørsmål til eit anten-eller: patriotisme versus utsikter. «Verdiar» versus «mat på bordet-sakar» som jobbar og utdanning. Men eg vil hevde at ved å formulere problemstillinga på denne måten speler ein ballen rett inn i hendene på høgresida. Det er definitivt mange som vervar seg til hæren fordi dei ikkje har andre utsikter. Spørsmålet som må bli stilt er: utsikter til å gjere kva? Fortsett lesing →

Kritikk av den ukritiske kritikk – om Klassekampens dekning av Arbeiderpartiets tilbakegang

Av Anders Ekeland

Foto: Bernt Sønvisen, Arbeiderpartiet.

Det skrives mye om Arbeiderpartiet i KK. Bare fra slutten av februar til midt i oktober har politisk redaktør Bjørgulv Braanen skrevet minst 16 analyser hvor Jonas Gahr Støre er nevnt. Et hovedtrekk ved disse og annen dekning av AP i KK har vært at de – på kommunikasjonsbyråaktig vis – har begrenset seg til hvordan den synkende AP-skuta kan komme inn på rett kjøl. Følgelig har en hardt tiltrengt debatt om hvordan man kan bygge opp et nytt, radikalt alternativ til AP uteblitt.

Fortsett lesing →

En mer brutal kapitalisme

av Roy Pedersen, leder i LO i Oslo

Det foregår en nyliberal offensiv i hele Europa. Denne preges av varig høy arbeidsløshet, innstrammingspolitikk med velferdskutt og skattelette for næringsliv og de rike, angrep på faglige rettigheter samt konkurranseutsetting og privatisering. I tillegg kommer utfordringer med millioner av flyktninger fra krig, fattigdom og klimaendringer. Fortsett lesing →

Revolusjonen si unge røyst

Av Anna Sofie Ekeland Valvatne

1. mai er arbeidarane sin dag for feiring. Me feirar kampane me har vunne gjennom fleire generasjonar, og me feirar dei som byggjer landet vårt kvar einaste dag. Men er arbeidarane sin dag noko me som ungdom bør engasjere oss i?

Ja, det meiner eg absolutt.

Sjølv med alle sigrane frå tidlegare generasjonar i ryggen, går unge ei usikker framtid i møte. Arbeidslivet er under press. Me ser at arbeidstakarane sine rettar blir bygde ned. Sosial dumping, auka bruk av innleige- og bemanningsbyrå og uoversiktlege selskapsformer er med på å svekke HMT-arbeidet, demokratiet på arbeidsplassen og maktbalansen mellom arbeidsgivarar og arbeidstakar. Fortsett lesing →

Arbeidarklassen før og no

av Gudmund Kollung Selvåg. Artikkelen er frå 2010.

Kurt Tucholsky skriv i 1929: “Nyleg blei eg belært av ein svært fin skribent at det er ein feil å tru at arbeidsfolk byggjer tårna, dei berre murar dei opp. Berre. Arbeidaren gløymer av og til kven han arbeider for. Mennesket er innretta slik, at arbeidet kan trollbinda, han trekk skruane til, som om dei var hans eigne, og som om han fekk betalt for det. Men han får ikkje betalt, han får berre vekeløna si. Dei heng utanpå tårnet, dei ligg på bru-konstruksjonane, dei kravlar opp i stillasa og rører seg på vaklande stigar mens dei murar, eg gløymde å sei : berre. Dei murar berre opp. Dei sørgjer for å verkeliggjera ingeniøren sin åndelege visjon. det kan jo alle gjera, ikkje sant…….om den fine skribenten, som tankelaust skreiv sitt “berre”, også kan, tillet eg meg å tvile på. For eg har den oppfatning at:

Håndens arbeidar er likestilt med åndsarbeidaren. Den første kan ikkje konstruera tårn på papiret, den andre kan ikkje stå opp klokka fem kvar morgon og stille på arbeidsplassen i all slags vær, arbeide utan å bli svimmel og leggja alle sine krefter i oppgåva, kvar av dei kan sitt. “Berre”… det mest overflødige i verda er ein småborgarleg filosof.” Fortsett lesing →

#Metoo – ein del av klassekampen

Av Maria Bonita Igland

Hausten 2017 blei verdsveven og verda teke med storm av #Metoo-kampanjen. Denne kampanjen har freista å setje søkeljos på seksuell trakassering mot kvinner. I Noreg har kampanjen kome i fleire variantar. Med ulike emneknaggar som #Ikkjetilforhandling og #Nårmøtevertheva har tusenvis av kvinner frå ulike miljø og bransjar delt historier om seksuell trakassering som sender frysningar ned ryggraden.

Som følgje av #Metoo-kampanjen har spørsmål om skeive maktforhold og samfunnsstrukturar att fått ein plass på den politiske dagsorden. Fortsett lesing →

Grønt skifte ? Ikke med EØS-avtalen

av Arne Byrkjeflot

Norge har vært gjennom tre perioder der statens rolle har vært avgjørende for industrialiseringa. Fra 1905 da den kraftkrevende industrien ble bygd opp og Stortinget grep inn med konsesjonslover. Kapitalen skulle få krafta til låns, men etter 60 år falt vannkrafta vederlagsfritt tilbake til staten. I tillegg måtte industrien bygge opp de første velferdskommuner i landet vårt.

Fortsett lesing →

Vi straffer oss selv!

av Christina Beck Jørgensen, Ungdomsutvalget i Fagforbundet Elverum avd. 163

Mange kvinner i dag jobber ufrivillig deltid. De brukes som ringevikarer og de gis ekstravakter fremfor å få en fast jobb på papiret. Dette fører til usikkerhet, det blir umulig for de å få boliglån, de vet aldri når de skal på jobb og mange vil nesten ikke få pensjon. Dette kan vi ikke akseptere.

Fortsett lesing →