Ein hær av velgjørarar

av David Graeber

«You know, education, if you make the most of it, you study hard, you do your homework and you make an effort to be smart, you can do well. If you don’t you get stuck in Iraq»

– John Kerry

«Kerry owes an apology to the many thousands of Americans serving in Iraq, who anwered their country’s call because they are patriots and not because of any deficiencies in their education»

– John McCain

 

I innleiinga til mellomvalet [kongressvalet i 2006], var republikanarane sin korte håpefulle augneblink, ein inkjevetta vits frå senator John Kerry. Spøken var openbert retta mot George W. Bush men republikanarane tolka spøken som at Kerry meinte at berre dei som droppa ut av skulen enda opp i militæret. Det heile virka temmeleg påtatt. Dei fleste skjønte godt at Kerry prøvde å insinuere at presidenten ikkje var så forferdeleg lur. Men høgresida lukta blod. Problemet med «aristo-krapyl» som Kerry, skreiv ein bloggar på nettstaden til National Review, er at dei går ut ifrå «at troppene er i Irak, ikkje fordi dei kjenner seg djupt knytt til saka, (det må dei nekte for), men heller på grunn av eit system som utnyttar deira mangel på sosiale og økonomiske moglegheiter (…) dette burde me hamre dei nådelaust i knollen med, heit frem til valdagen – akkurat som me gjorde i 04 – fordi det er hovudgrunnen til at dei fortener å tape»

Til sjuande og sist hadde det ikkje så mykje å seie, då amerikanar flest også avgjorde at dei heller ikkje kjente seg djupt knytt til saka – i den grad dei i det heile tatt skjønte kva oppdraget gjekk ut på. Spørsmålet me burde stille oss er: Kvifor måtte det ein militær katastrofe til (for ikkje å nemne ein strategi som gjekk ut på å unngå ein kvar tenkjeleg kobling til de nordaustlege elitane som Kerry for mange amerikanarar er eit krondøme på), før Demokratane endeleg kunne komme ut av den politiske øydemarka? Eller, med andre ord, kvifor har denne republikanske linja vist seg å vere så effektiv?

Det slår meg at for å nærme seg svaret må ein stikke nesa djupare inn i det amerikanske samhaldet enn kommentatorar vanlegvis er viljuge til å gjere. Me er vande med å redusere slike spørsmål til eit anten-eller: patriotisme versus utsikter. «Verdiar» versus «mat på bordet-sakar» som jobbar og utdanning. Men eg vil hevde at ved å formulere problemstillinga på denne måten speler ein ballen rett inn i hendene på høgresida. Det er definitivt mange som vervar seg til hæren fordi dei ikkje har andre utsikter. Spørsmålet som må bli stilt er: utsikter til å gjere kva?

Eg er antropolog, og det følgjande kan sest på som ein antropologisk innfallsvinkel på spørsmålet. Det byrja gå opp for meg for eit par år sidan, under ei førelesing av Catherine Lutz, ein antropolog ho òg, frå Brown University, som har forska på USA sine militære basar på andre sida av dammen. Mange av desse basane organiserer velferdsfremjande arbeid kor soldatar rykkjer ut for å pussa opp klasserom eller utføra gratis tannlegesjekk på lokalbefolkninga. Desse programma blei oppretta for å betra forholdet mellom militære og sivile, men har i det høvet vist seg å vere utruleg lite effektive. Men kvifor har hæren då ikkje gitt opp desse prosjekta? Svaret er at dei hadde ein enorm psykologisk innverknad på soldatane, som ofte har omtalt dei i nærast euforiske vendingar: «Dette er grunnen til at eg verva meg», Det er dette militærteneste handlar om – ikkje berre forsvare landet sitt, men òg å hjelpe folk». Professor Lutz er overtyda om at hovudårsaka til at desse prosjekta fortsatt mottar middel er at soldatar som tek del i prosjekta har større sjanse for å verve seg på ny. Militæret sine eigne tal peiker i same retning. Om det å «hjelpe folk» ikkje blir nemnt i undersøkingar av motiv for verving, er det edlaste alternativet – «å gjere noko ein kan vere stolt av» – favoritten.

Kan det vere at USA eigentleg er ein nasjon av frustrerte altruistar? Det er i alle fall ikkje sånn me plar tenkja om oss sjølv. Det vanlege er heller ein slags heimesnekra kynisme. Verda er ein gedigen marknadsplass; alle er ute etter spenna, viss du vil skjøne kvifor ting skjer, spør fyrst kven som tener på det. Den same haldninga som blir uttrykt inst i ei krik av ei kro får medklang i dei høgste sfærar av sosialvitskapane. Amerika si store gåve til verda i denne samanhengen har vore utviklinga av «rational choice» teoriar, som går ut frå føresetnaden at all menneskeleg oppførsel kan bli forstått som eit spørsmål om økonomisk berekning, som rasjonelle aktørar ute etter å haie til seg så mykje som mogleg frå ein kvar situasjon, med minst mogleg kostnadar for seg sjølv. Som eit resultat av dette blir altruistisk oppførsel i dei fleste felt sett på som eit kjempemysterium, som alle, frå økonomar til evolusjonsbiologar, har gjort seg berømte med forsøk på å «løyse» – Å forklare gåta om kvifor bier ofrar seg for kuben, eller menneskje held døra open for kvarandre og forklarer vegen for framande. Og samstundes ymtar dømet med militærbasane om sjansen for at amerikanarar, særleg dei mindre velståande, faktisk er heimsøkte av frustrerte behov for å gjere godt i verda.

Det ville nok ikkje ha vore vanskeleg å samle saman bevis for at dette er sant. Studiar av velgjerd har til dømes vist at dei fattige er dei mest generøse. Jo lågare inntekt ein har, jo større del av den er det sannsynleg at ein vil gje bort til framande. Det same mønsteret gjeld om ein samanliknar middelklassene med dei rikaste: ei studie av sjølvmeldingar frå 2003 konkluderte med at viss dei mest velståande familiane hadde gitt frå seg så mykje av sine midlar som ein gjennomsnittleg middelklassefamilie, ville velgjerdsdonasjonar i alt det året ha auka med 25 milliardar. (Alt dette på trass av at velståande har langt mykje meir tid og høve). Og uansett, velgjerd utgjer berre ein bitteliten del av bildet. Viss ein hadde rekna ut kva ein typisk amerikansk lønnsarbeidar bruker løna si på, ville ein finne at mesteparten blir gjeven vekk. Ta ein typisk mannleg familieforsørgjar. Om lag ein tredel blir fordelt til framande via skatt og velgjerd, ein tredjedel gir han på ulike måtar til ungane; og av det resterande vil truleg størsteparten bli gitt til, eller delt med andre: Gåver, reiser, selskap, seks-pakningen med øl til slåballkampen i nabolaget. Her kan ein kanskje innvende at denne slags deling berre speglar fornøyelsen sitt særpreg (kven ville gidde å ete eit herleg måltid på ein dyr restaurant heilt åleine?) men det er liksom halve poenget. Sjølv fråtsing blir gjerne styrt av gåvelogikk. Nokre vil kanskje òg innvende at det å punge ut ei lita formue for å sende ungane i ein eksklusiv barnehage handlar meir om å bli lagt merke til enn altruisme. Kanskje det, men viss du ser på kva som hender i løpet av folk sine faktiske liv, viser det seg at denne slags oppførsel oppfyller ein psykologisk trong. Kor mange unge idealistar gjennom historia har ikkje endeleg klart å forsone seg med ei verd basert på egoisme og grådighet i den augneblinken dei stiftar familie? Om ein gjekk ut frå at altruisme var mennesket sin primære motivasjon ville dette vore heilt logisk. Den einaste måten dei kan overtale seg sjølv til å forsake sin hug til å gjere godt i verda er å erstatte den med ei enno større trong til å gjere godt ovanfor sine barn.

For meg tyder alt dette på at det amerikanske samfunnet gjerne fungerer heilt annleis enn me er vane med å anta. Om me førestiller oss at dei foreinte statar slik dei eksisterer i dag var skapt av ein eller annan genial samhaldsingeniør. Kva for nokre føresetnadar kunne me tenkje oss at denne ingeniøren kan ha jobba ut ifrå? Openbert ikkje ut frå ein «rational choice» teori. For vår sosiale ingeniør har heilt klart skjøna at den einaste måten å overtale folk til å entre røynda til arbeidet og marknaden (altså åndsdøyvande slit og mordarisk konkurranse) er å dingle med eit løfte om, slik, å kunne sløsa pengar på ungane sine, kjøpe øl til vener, og om ein er superheldig, utsiktene til å bruke resten av livet på å opne museum og dele ut AIDS-medisin til fattige land i Afrika. Der våre teoretikarar heile tida freistar å rive bort sløret av framtoningsformer og syne korleis alle slike tilsynelatande sjølvoppofrande gestar eigentleg skjuler ein eller annan form for egoistisk strategi, kan det amerikanske samfunnet i røynda betre bli forstått som ein kamp om retta til å handle altruistisk. Sjølvoppofring – eller i det minste, ‘edel’ verksemd – er ikkje strategien. Det er påskjøninga. Om ikkje anna, trur eg dette kan hjelpe oss å forstå kvifor høgresida har vore så mykje betre dei siste åra, til å spela på populistiske kjensler enn venstresida. Kort sagt: dei gjer det gjennom å avskjere vanlege amerikanarar frå å gjere godt i verda. La meg forklare kva eg meiner ved å kaste ut nokre proposisjonar.

 

PROPOSISJON NUMMER 1:

Korkje egoisme eller altruisme er naturlege drifter; dei oppstår i relasjon til kvarandre og ingen av dei ville vore tenkjelege utan ein marknad.

Aller først bør eg gjere det heilt klart at eg ikkje trur korkje egoisme eller altruisme på nokon måte er bygd inn i menneska si natur. Menneska sine motiv er sjeldan såpass enkle. Snarare: egoisme og altruisme er førestellingar me gjer oss om mennesket si natur. Historisk plar den eine å oppstå som respons til den andre. I den antikke verda, til dømes, er det nettopp i dei tider og på dei stader kor ein finn framveksten av pengar og marknader at ein også ser framveksten av verdsreligionane – Buddhisme, Kristendom, Islam. Om ein skil ut et eige rom i samfunnet og seier «Her skal du berre tenkje på å skaffe materielle ting til deg sjølve» er det ikkje spesielt overraskande at det snart dukkar opp nokon andre som vil opprette eit anna, motsett rom, og erklærer at « Ja ok, men her, her må me kontemplere det faktum at sjølvet, og verdslege ting til sjuande og sist er uviktige». Det var sjølvsagt disse siste institusjonane som først utvikla våre moderne førestillingar om velgjerd.

Sjølv i dag, så lenge me opererer utanfor reviret til marknaden eller religionen, er det veldig få av våre handlingar som eigentleg kan seiast å vere styrte av så enkle motiv som uhemma grådigheit eller totalt sjølvoppofrande sjenerøsitet. Når me ikke har å gjere med framande, men med vener, slektningar, eller fiendar, vil det vere mykje meir innvikla kombinasjonar av motiv som kjem på banen: misunning, solidaritet, stoltheit, sjølvdestruktiv sorg, lojalitet, romantiske forblendingar, forakt, trass, skam, fjolleri, forventningar om delt glede, trongen til å slå en rival ned i støvlane og så vidare. Det er slike drifter som skapar dei store dramaa i liva våre, og som store romanforfattar som Tolstoj og Dostojevski har udødeleggjort, men som sosialteoretikarar av ein eller annan grunn gjerne ignorerer. Om ein reiser til deler av verda kor pengar og marknader ikkje finst – til delar av Ny Guinea eller Amazonas til dømes – vil det vere nettopp slike kompliserte nettverk av motiv ein vil finne. I samfunn kor folk flest lev i små fellesskap, kor nesten alle dei kjenner er anten ein ven, ein slektning eller ein fiende, vil språka som blir tala gjerne mangle ord som svarar til «eigeninteresse» eller «altruisme», men til gjengjeld ha særskilt subtilt utvikla vokabular for å skildre sjausi, solidaritet, stolthet og den slags. Deira økonomiske omgang med kvarandre er på same måte også styrt av langt meir subtile prinsipp. Antropologar har utarbeida en gedigen litteratur for å søkje å forstå dynamikken i desse tilsynelatande eksotiske «gåveøkonomiane», men om det kan virke rart på oss korleis t.d., viktige menn konspirerer med sine syskenborn for å snyte til seg store formuar, som dei deretter overrekker som gåver til sine verste fiendar, for å audmjuke dei offentleg, er det berre fordi me er så vane med å operera innanfor upersonlege marknader, at me aldri kjem på å tenkje over korleis me ville ha oppført oss om me hadde eit økonomisk system kor me behandla folk ut i frå kva me eigentleg syntes om dei.

No til dags er jobben med å ramponera slike levemåtar stort sett overlaten til misjonærar – representantar for dei same verdsreligionane som oppsto som reaksjon på marknaden for lengje sida. Misjonærane er sjølvsagt ute etter å frelse sjeler, men dei ser som regel ikkje misjonen deira berre som eit oppdrag om å lære folk om gud og få dei til å vere meir altruistiske. Og dei ender nesten alltid opp med å overtale folk til å vere meir egoistiske og meir altruistiske på ein og same gong. Dei går inn for å lære «dei innfødde» ordentleg arbeidsdisiplin, og å få dei involvert i kjøp og sal av produkt på marknaden for å heve sine materielle kår. Samtidig som dei gjer det klart for dei at i den store samanhengen er materielle ting ubetydelege og doserar over høgare verdiar som sjølvutslettande truskap til andre.

 

PROPOSISJON NUMMER TO

Det politiske høgre har alltid freista å framheva dette skiljet, og har dermed hevda å vere kongar av egoismen og altruism på ein gong. Venstresida har prøvd å utsletta det.

Mon ikkje dette kan bidra til å forklare kvifor dei forente stater, det mest marknadsdrivne industrialiserte samfunnet på kloden, også er det mest religiøse? Eller enno meir slåande, kvifor nettopp landet som fostra Tolstoj og Dostojevski brukte store delar av nittenhundretalet på å utslette marknaden og religionen fullstendig? Der kor den politiske venstresida alltid har søkt å tilinkjesgjera denne distinksjonen, – ved å prøva å skapa økonomiske system som ikkje blir drivne av profittmotivet, eller å erstatte privat velgjerd med diverse former for samfunnsmessig støtte – har det politiske høgre alltid trivst godt med den. I USA til dømes, er det republikanske partiet dominert av to ideologiske fløyer: Libertarianarne og det «kristne høgre». På den eine ytterkanten er republikanarane marknadsfridomsfundamentalistar som forfektar individuell fridom (sjølv om dei ser denne fridomen i hovudsak som eit spørsmål om konsum-val); på den andre sida, er dei fundamentalistar i ein meir bokstavleg forstand, mistenksame andsynes dei fleste individuelle fridomar, men entusiastiske andsynes bibelske formaningar, «familieverdiar», og gode, velgjerande gjerningar. Ved første augnekast kan det virke merkeleg at ein slik allianse i det heile held i hop (og i saker som t.d. abort er forholdet temmeleg spent). Men sanninga er at høgrekoalisjonar alltid er ein variasjon over denne forma. Ein kan seie at den konservative tilnærminga alltid har vore å sleppe marknadens hundar laus og omkalfatre alle tradisjonelle sanningar; for så i tumulten og utryggleika å stiga fram som den siste bastion for orden og hierarki, lojale forsvarar av kyrkja og fedrenes autoritet mot barbariet dei sjølv har utløyst. Om enn det er eit reint spillfekteri, fungerer det i så fall påfallande bra; og ein verknad av det er at høgresida tilsynelatande ender opp med eit monopol på verdiar. Dei klarer, kan ein seie, å ta begge posisjoner, på begge sider av skiljet: ekstrem egoisme og ekstrem altruisme.

Ta ordet «verdi». Når økonomar pratar om verdi snakkar dei i røynda om pengar – eller snarare, det – kva det nå enn måtte vere – som pengane måler; og i tillegg, alt det folk trur økonomiske aktørar jagar etter. Når me arbeidar til livets opphald, eller kjøper og sel greier, lønast me med pengar. Men idet me ikkje lenger jobbar eller kjøper eller sel, og motiverast av stort sett alt anna enn pengelengt, finn me oss sjølv plutseleg i eit territorium dominert av «verdiar». Det mest vanlege av desse er så klart «familie» (ikkje så overraskande, sidan den vanlegaste forma for ubetalt arbeid i dei fleste industrisamfunn er barneoppdrett og husarbeid), men me har også religiøse verdiar, politiske verdiar, verdiar som knyt seg til kunst eller patriotisme – ein kunne kanskje òg ta med truskap til yndlingsbasketball-laget. Alle blir sett på som band som er, eller blir rekna for å vere urørt av marknaden. Samstundes blir dei sett på som fullstendig eineståande; der kor pengane gjer alle ting kommensurable, kan «verdiar» som skjønnhet, truskap eller integritet, per definisjon, aldri jamføras. Det finnes ingen matematisk formel som kan kalkulera nøyaktig kor mykje personleg integritet det er rett å ofra i jakta etter Kunsten, eller korleis ein kan balansere ansvaret sitt andsynes familien og andsynes Gud. (Folk gjer sjølvsagt slike vurderingar heile tida. Men dei kan ikkje reknast ut.) Kanskje ein kunne formulera det slik: om verdi berre er det ein syns er viktig, lar pengane viktigheita ta ein flytande form, lar oss jamføra presise mengder viktighet og utveksle ein for ein annen. For når alt kommer til alt, når nokon har akkumulert seg ein veldig mengde av pengar, er sannsynlegvis noko av det første dei vil gjere å prøve å forvandle dei om til noe eineståande, t.d. Monet sine vassliljer, ein knakande god veddeløpshest eller ein donorstilling ved eit universitet.

Det som eigentleg står på spel, i ein kvar marknadsøkonomi er nettopp moglegheita til å utføre desse utvekslingane, forvandle «verdi» om til «verdiar». Det me alle arbeider for, er å komme i ein posisjon kor me kan tileigne oss noko som er større enn oss sjølv. Når liberalarane har det så godt i Amerika, er det fordi dei kan inkarnera denne moglegheita: Kennedyane er til dømes det ultimate Demokratiske ikonet, ikkje berre fordi dei starta som fattige irske innvandrarar som skaffa seg masse pengar, men fordi dei reknas for til slutt å ha makta å forvandla rikdommen om til adelskap.

 

PROPOSISJON NUMMER 3

Det eigentlege problemet til venstresida i USA er at sjølv om den til ein viss grad faktisk prøver å utsletta skiljet mellom egoisme og altruisme, verdi og verdiar, har den i all hovudsak gjort det for sine eigne barn. Dette har gitt høgresida moglegheita til, paradoksalt nok, å framstille seg sjølv som arbeidarklassens forkjemparar.

Alt dette kan kanskje bidra til å forklare alt rotet på den amerikanske venstresida. Så langt i frå å fremja nye visjonar for korleis dette skiljet mellom egoisme og altruisme, verdi og verdiar, kan utraderas, eller bidra med forslag til korleis ein kan gå frå det eine til det andre, ser dei progressive ut til å ha vanskar med i det heile tatt å tenkja seg forbi det. Etter det siste presidentvalet, var det store spørsmålet i progressive sirklar tydinga av økonomiske spørsmål versus den såkalla «kulturkampen». Tapte demokratane fordi dei ikkje klarte å formulere truverdige økonomiske alternativ, eller var det Republikanarane som vann fordi dei klarte i å mobilisere konservative kristne rundt spørsmålet om homofilt ekteskap? Som sagt, det at dei progressive i det heile tatt stiller spørsmålet på denne måten viser, ikkje berre at dei er fanga i høgresida sine analytiske premissar, men at dei ikkje har skjønt korleis USA faktisk fungerer.

La meg illustrere kva eg meiner ved å ta for meg George W. Bush sin, i alle fall inntil nokså nyleg, besynderleg populære appell. I 2004 såg store delar av den liberale amerikanske intelligentsiaen ut til å ha store problem med å kunne begripa den. Etter valet, stod dei igjen med ein svimlande mistanke om at nettopp det dei avskydde mest ved Bush var nettopp det Bush-veljarane likte. Ta debattane til dømes, om statistikken kan tas for god fisk, var der millionar av amerikanarar som såg George Bush og John Kerry gå i klinsj, konkluderte med at Kerry vant, og så drog ut og stemte på Bush likevel. Det var vanskeleg å unngå mistanken om at til det sjuande og sist var Kerrys velartikulerte framferd, hans ordlag og argumentasjon, som faktisk slo ut imot han. Dette driv liberalarane ut i fortviling. Dei kan ikkje forstå kvifor beslutningsdyktig leiarskap skal vere det same som å oppføre seg som ein skrulling. Dei kan heller ikkje begripe korleis ein mann, frå ein av dei mest elitære familiane i landet, som hadde studert ved både Andover, Yale og Harvard, som har eit sjølvtilfreds glis som standard ansiktsuttrykk, nokon sinne kunne innbille nokon som helst om at han var «ein folkets mann». Eg skal innrømme at eg har slite med dette sjølv. Som eit barn av foreldre frå arbeidarklassen, som fekk stipend til å studere ved Andover på syttitalet og etter kvart ei stilling ved Yale, har levd store deler av livet i nærvær av menn som Bush, alt ved dei osande av sjølvtilfreds forrettighet. Men strengt tatt blir forteljingar som mine – om dramatiske klassereiser gjennom akademiske prestasjonar – sjeldnare og sjeldnare i USA.

USA ser seg sjølv sjølvsagt framleis som eit utsiktenes land, og frå ståstaden til ein innvandrar frå Haiti eller Bangladesh er det definitivt det. Samanlikna med land som Frankrike eller Bangladesh, kjem me bra ut av det med tanke på sosial mobilitet. Men USA har alltid vore eit land bygget på løftet om ubegrensa sosial mobilitet oppover. Arbeidarklassetilveret har tradisjonelt blitt sett som ein mellomstasjon, som noko ein familie passerer gjennom på vei til noko betre. Lincoln pleidde å understreke at det som gjorde det amerikanske demokratiet mogleg var fråveret av ein permanent klasse av lønnsarbeidarar. På Lincoln si tid var idealet at det i hovudsak var immigrantar som utførte lønnsarbeide, og at dei gjorde det for å skrape saman nok pengar til å gjere noe anna, å kjøpe land og bli nybyggarar det Ville Vesten.

Poenget er ikkje om det verkeleg var slik eller ikkje, men at dei fleste amerikanarar fann førestillinga truverdig. Kvar gong vegen såg ut til å vere sperra, har omfattande sosial uro vore resultatet. Då det ville vesten var temma og nybyggarperioden over førte det til bitre arbeidarkampar og i løpet av det tjuaende hundreåret kan det amerikanske universitetssystemet stødige og hurtige ekspansjon ses som ein slags erstatning. Særleg etter andre verdskrig blei enorme ressursar pøsa inn i utvidinga av den høgare utdanninga, som veks ekstremt raskt, og alt dette blei heilt eksplisitt fremma som eit middel for sosial mobilitet. Under den kalde krigen fungerte dette omtrent som ein implisert sosial kontrakt, arbeidarklassen fekk tilbod om, ikkje berre eit behageleg liv, men òg sjansen for at barna deira sjølv ikkje ville bli tilhørande arbeidarklassen.

Problemet er sjølvsagt at eit utdanningssystem ikkje kan bli utvida i det uendelege. Før eller sidan ender ein opp med ein at stor del av befolkninga er heilt ute av stand til å finne arbeid med den fjernaste forbinding med sine kvalifikasjonar, med all grunn til å vere forarga over sin situasjon, og med tilgang til heile den radikale tenkinga si historie. På 1900-talet har det nettopp vore slike situasjonar som ofte har sparka i gong opprør og revolusjoner – revolusjonære heltar, frå formann Mao til Fidel Castro har nesten utan unntak vore barn av fattige foreldre, som spinka og sparte til ei borgarleg utdanning til sine barn, for så å oppdage at ei borgarleg utdanning ikkje garanterte innpass i borgarskapet. Mot slutten av sekstitalet og byrjinga av syttitalet kom tidspunktet da ekspansjonen av universitetssystemet møtte veggen, og innlysande nok, heldt universitetsområda på å eksplodere.

Konsekvensen var ei ordning som kan ses som eit slags forlik. Universitetsradikalarane blei igjen tatt inn i universitetet, men blei satt i arbeid med å utdanne barna til eliten. Etter kvart som utdanningskostnadene har skote i veret, har økonomiske støtteordningar blitt skore ned, og myndigheitene har begynt å aggressivt forfølgje studentskulder. Lån som tidlegare stort sett berre fans på papiret. Då har utsiktene til sosial mobilitet gjennom utdanning – særleg innan humanistiske fag – skrumpa kraftig inn. Talet på studentar med arbeidarklassebakgrunn ved universiteta, som steig jamt heilt frem til slutten av sekstiåra, har vore i nedgang i fleire tiår.

Om Bush-veljarar frå arbeidarklassen tenderer til å mislike dei intellektuelle meir enn dei rike, kan den mest sannsynlege årsaka vere at dei kan førestille seg moglege scenarier kor dei blir rike, men ikkje at dei, eller deira barn, nokon sinne ville kunne bli medlemmer av intelligentsiaen? Dette er slett ikkje nokon urimeleg førestilling. ein mekanikar frå Nebraska veit at det er lite sannsynleg at hans son eller dotter vil få ein direktørstilling i Enron. Men det er mogleg. Men det er derimot helt utenkeleg at dette barnet, uansett kor talentfullt det måtte vere, nokon sinne vil kunne bli ein internasjonal menneskerettsadvokat, eller teaterkritikar i New York Times. Ein viktig årsak til dette er ikkje berre endringane i utdanningssystemet, men betydinga av ubetalte, eller praktisk talt ubetalte praktikantstillingar. Det har blitt ei livets sanning i dei forente statar, at om ein vel ein karriere av ein annan årsak enn pengane, vil dei første par åra vere utan lønn. Dette er sant om ein ønskjer å engasjere seg med altruistiske geskjefter, som å tre inn i velgjerd-verda, eller NGOane, eller bli politisk aktivist. Men det gjeld like mykje om ein vil tileigne seg Det Sanne eller Skjønne: i bokbransjen, kunstverda eller den gravande journalistikken. Denne skikken avskjer fattige studentar som maktar å skaffe seg ei humanistisk utdanning frå ein karriere. Og sjølv om slike ekskluderande strukturer alltid har eksistert, særlag på toppane, har dei i løpet av dei siste tiåra blitt til uinntakelege festningar.

Om nå denne mekanikarsonen – eller dottera – søker eit høgare, eller edlare mål for sin karriere, kva for nokre valmoglegheiter har ho? Sannsynlegvis berre to – ho kan søka ei stilling i den lokale kyrkjelyden, som kan vere vanskeleg. Eller ho kan verva seg i hæren.

Dette er adelskapets løyndom. Å vere edel er å vere sjenerøs, storsinna altruistisk – å forfølgja høgare former for verdi. Men det er vel så mykje å vere i stand til å gjere dette fordi ein ikkje treng å bekymra seg altfor mykje om pengar. Og det er nettopp dette våre soldatar driv med når dei utfører gratis tannhelsesjekk for landsbyboarar: dei får betalt (lite, men tilstrekkeleg) for å gjere gode gjerningar. I lys av dette er det også lettare å skjønne kva som verkeleg skjedde på universiteta i kjølvatnet av 1960-åra – «forliket» eg nemnte over. Universitetsradikalarane ville skape eit nytt samfunn som oppheva distinksjonen mellom egoisme og altruisme, verdi og verdiar. Det gjekk ikkje, men dei fekk tilbod om ein form for kompensasjon: privilegiet til å nytte seg av universitetssystemet for å skape seg eit liv som gjorde det mogleg, for sin eigen del, å få støtte til materielle nødvendigheiter mens ein jobba for sanning, godskap og skjønnhet, og framfor alt, å kunne vidareføre det til sine egne barn. Ein kan knapt klandre dei for å ha tatt imot. Men ein kan heller ikkje klandre resten av landet for å ønske dei pokker i vold for å gjort det. Og ikkje nødvendigvis fordi dei tar avstand frå prosjektet, dette er som sagt akkurat kva USA går ut på.

Som eg alltid pleier å si til aktivistar involvert i fredsrørsla og antivervekampanjar: kvifor vervar eigentleg arbeidarklasseungar seg i hæren? Fordi, som alle andre tenåringar, vil dei rømme frå ein verd beståande av keisamt arbeid og meiningslaus konsumerisme, og leve eit liv med eventyr og kameratskap i tru på at dei gjer noko genuint edelt. Dei vervar seg i hæren fordi dei vil vere som dykk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s