Det er viktig å mobilisere folkemeininga i Iran og verda for å hindre ein ny øydeleggjande krig i regionen

Fråsegn frå sentralkomiteen Tudeh-partiet Iran.

Nyheitene som har vorte publiserte dei siste dagane indikerer at nasjonen vår står på randen av ein veldig farleg militær konflikt med Trump-administrasjonen. Etter at ei amerikansk overvakingsdrone, som i følge rapportar hadde krenka iransk luftrom, vart skoten ned 19. juni, kom mange nyheitsbyrå med meldinga om at eit amerikansk militæråtak på Iran vart avblåse i siste liten etter ordre frå Trump. Det kom fram at Sambandsstatane hadde trekt attende eit militært åtak på Iran i siste liten, etter ordre frå Donald Trump. Trump stadfesta dette i eit intervju med NBC 22.juni, og vektla: «Eg er ikkje ute etter krig, men om det kom til krig, så ville det bli utsletting av dimensjonar vi aldri har sett før».

Det vart vidare rapportert om at eit breitt cyber-åtak hadde vorte sett i gang torsdag 20. juni mot datasystema til den iranske garden. Målet var å gjere datasystema som kontrollerer rakett- og missilutskytinga stridsudyktige. Trump kunngjorde vidare at USA kjem til å trappe opp sanksjonane mot Iran, og laurdag 22. juni skreiv han på Twitter: «Eg stogga aldri åtaket på Iran, som nokon urettvist påstår, eg berre hindra det å gå vidare på det noverande tidspunktet»

Den opptrappa spenninga etter åtaka på oljetankarar i Persiabukta, og påstandane til imperialistmedia om at Iran stod bak åtaka, i likskap med standpunktet mot Iran som vart innteke på toppmøtet til dei islamske statane i Saudi-Arabia, lemnar inga tvil om at den regionale reaksjonen leia av mellomalderregimet i Saudi-Arabia og rasiststyresmaktene i Israel, saman med leiande personar som utformar utanrikspolitikken til Trump-administrasjonen (John Bolton og Mike Pompeo), førebur ein farleg militær konflikt i landet vårt og regionen elles.

22. juni hevda Trump at målet hans var å hindre Iran i å utvikle atomvåpen, og at han er villig til å tale med iranske leiarar. Når ein vurderer dette standpunktet til Trump, er det verdt å merke seg at det var Trump-administrasjonen som trekte seg frå JCPOA-samarbeidet trass i motstanden frå EU-statane og styresmaktene i Kina og Russland, som var dei andre som hadde skrive under avtalen. Det var også Trump-administrasjonen som innførte dei til no hardaste økonomiske sanksjonane mot Iran for å tvinge gjennom eit regimeskifte. Med dette var grunnlaget for den noverande alvorlege situasjonen i regionen lagt.

I dei siste månadene har Tudeh-partiet både åtvara mot fara som trugar freden i regionen, og vi har lagt vekt på at dei regionale utfordringane berre kan løysast gjennom avspenning og forhandlingar. I motsetning til det den iranske leiarskapen hevdar, er det for oss klårt at dei inhumane økonomiske sanksjonane innført av USA-imperialismen har ført til særs vanskelege tilhøve for millionar av iranarar, og dette er òg ei reell økonomisk utfordring for regimet. EU-statane er ikkje i stand til å skape eit fungerande instrument for å omgå USA sine sanksjonar mot Iran, eit Iran som har redusert oljeeksporten frå 2,8 millionar fat olje til 700. 000. Dette har ytterlegare hardna til dei økonomiske problema som er eit resultat av tiårlang nyliberal politikk til fordel for storkapitalen i Iran.

Den noverande situasjonen er utvilsamt ikkje berekraftig på lang sikt. Dei iranske leiarane som veit at denne fælslege situasjonen ikkje kan trekkje ut, trugar med å trekkje seg heilt ut av JCPOA, opprike uran og vidare flamme opp spenningane i regionen.

Slik kan trugsmåla lyde; «Om Iran ikkje kan halde fram med å eksportere olje, vil vi sjølvsagt ikkje berre sitje og sjå på at andre gjer det. Om ikkje vi kan eksportere, skal heller ingen andre eksportere. Iran har mange val. Det handlar ikkje berre om Hormuz-stredet. Det finst ikkje berre ei løysing.» (Sitat frå viseutanriksminister Araqchi til nyheitsbyrået Al-alam om EU-pakka for å redde JCPOA). Slike trugsmål vil ikkje berre mislukkast i å redusere spenninga i regionen, dei er også påskot for USA-imperialismen og dei andre reaksjonære statane i regionen til å trappe opp imperialistisk verksemd der. Dei siste dagane har USA og deira allierte tala om å flytte fleire troppar til regionen for å verne om oljerøyrleidningane i Hormuz-stredet og Persiabukta. Slike intervensjonsaksjonar kan utan tvil heve spenninga og tenne på krutet som er i regionen.

Inga progressiv, nasjonalistisk, patriotisk og fridomselskande kraft kan vere tilhengjar av eit militært åtak mot Iran. Historia viser oss at arbeidsfolk, både i byen og på landet, vil lide dei største tapa i ein militær konflikt. I tillegg, om spenninga held fram og ein utviklar «krigstilhøve» i Iran, vil styresmaktene intensivere undertrykkinga og tyranniet på same måte som dei gjorde i den øydeleggjande krigen mot Irak.

Tudeh-partiet i Iran, som alle andre fridomselskande og patriotiske krefter i landet, går konsekvent mot innblanding frå imperialistiske statar som vil orkestrere regimeskifte.

Å kvitte seg med det despotiske regimet som styrer Iran og skipe eit folkeorientert og demokratisk styresett som vil verne om fridomen og suvereniteten til Iran, eit regime som kan ende den noverande undertrykkinga og korrupsjonen i landet og samstundes setje i verk politikk som kan syte for sosial rettferd, er berre mogleg gjennom kampen til det iranske folket og dei fridomselskande og patriotiske kreftene i nasjonen. Hendingane i iransk samtidshistorie, inkludert kuppet i 1953, i tillegg til utviklinga i regionen – frå styrtinga av nasjonalist-rørsla til Gamal Abder Nasser i Egypt til den militær-politiske støtta til det korrupte, anti-folkelege og inhumane regimet i Saudi-Arabia som næraste allierte til USA – alt syner at dei typiske favorittregima til imperialismen og deira allierte er diktatoriske, og at dei er avhengige regime som ikkje har noko å gjere med krava og ønska til folket i Iran og dei patriotiske og fridomselskande kreftene i nasjonen.

Kampen for å redusere spenninga og mobilisere ei sterk fredsrørsle i regionen og verda med mål om å hindre alle militære konfliktar er ei viktig oppgåve som ein må gå inn for med full kraft. Krigshissarane i USA sin administrasjon, i likskap med dei reaksjonære og anti-folkelege styresmaktene i regionen, inkludert det teokratiske styret i Iran, skal ikkje nok ein gong få lov til å påføre regionen ein ny katastrofal krig. La oss gå framover, hand i hand med slagordet «Nei til umenneskelege sanksjonar, Nei til krig og Nei til diktatur», for å bane veg for varig fred i regionen og for å intensivere kampen for å kvitte seg med det teokratiske regimet i Iran.

Sentralkomiteen i Tudeh-partiet

Sundag 23.juni 2019

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s