Revolusjonen si unge røyst

Av Anna Sofie Ekeland Valvatne

1. mai er arbeidarane sin dag for feiring. Me feirar kampane me har vunne gjennom fleire generasjonar, og me feirar dei som byggjer landet vårt kvar einaste dag. Men er arbeidarane sin dag noko me som ungdom bør engasjere oss i?

Ja, det meiner eg absolutt.

Sjølv med alle sigrane frå tidlegare generasjonar i ryggen, går unge ei usikker framtid i møte. Arbeidslivet er under press. Me ser at arbeidstakarane sine rettar blir bygde ned. Sosial dumping, auka bruk av innleige- og bemanningsbyrå og uoversiktlege selskapsformer er med på å svekke HMT-arbeidet, demokratiet på arbeidsplassen og maktbalansen mellom arbeidsgivarar og arbeidstakar.

Me har i dag ei arbeidsløysekrise her i landet som ein knapt har sett maken til. Om lag 120.000 menneske i Noreg står i dag utan jobb. Og me veit at so snart arbeidsløysa er høg, ja då er det ungdom som lir. Det er me som fyrst får fyken når verksemder skal seie opp folk, det er me som ikkje får læreplass, og det er me som vert ståande med eit hol i CV-en som kjem til å følgje oss for resten av livet.

Dette er ikkje tilfeldig

Forskjellane aukar meir enn nokon gong. Me har ei høgreside som stappar tusenlappar langt ned i halsen på eigarklassen, medan dei tek kvar einaste øre frå arbeidarklassen. Den økonomiske eliten kastar mellombelse stillingar etter ungdom i arbeidarklassen og fortel oss at dette kjem til å gje oss fast jobb. Slik er det ikkje. Det einaste som fører til fast jobb er faste stillingar å gå til. Det vil dei ikkje tilby oss.

Me har altso ei regjering som ikkje gjer noko for å motverka at forskjellane aukar. Snarare tvert om. Dei gir skattekutt til dei aller rikaste, og latar som om dette på eit eller anna magisk vis kjem til å skape fleire arbeidsplassar. Høgresida lukkar augo og nektar å kalle arbeidsløysekrisa for nett det; ei krise.

Det er jo ikkje so rart. Dei har alt å tene på den. Borgarskapet sit att på toppen med fleire millionar kroner av vårt harde arbeid, medan me står utan jobb og slit med å betale husleiga vår. Dette er ei krise for arbeidarklassen. Ei stor krise, og ungdomen kjem ikkje godt ut av ho.

Eit samfunn fullt av lausarbeidande ungdomar
I denne krisa er det nemleg ungdomen som står att som taparen.

Ta bemanningsbransjen, til dømes. Dei har ein praksis med å tilsette folk «fast», men ikkje betale løn mellom oppdrag, undergrev heile arbeidslivet og den norske modellen. Denne typen tilsettingar er ikkje faste tilsettingar, men gjentekne midlertidige tilsettingar. Dette er ei grov utnytting av arbeidsfolk som ikkje skal førekome. Denne skremmande utviklinga vil føre til eit lausarbeidarsamfunn med mindre tryggleik og mindre innflytelse for dei tilsette. I neste runde vil lønningane bli pressa nedover. Dette råkar særleg dei som allereie står svakast i arbeidsmarknaden – ungdomen.

Me skal faen meg bestemme
Det arbeidslivet som vert rasert av den mørkeblå høgresida i dag, er det me som er unge som må ta stilling til i morgon. Det kan me ikkje akseptere. Me kan ikkje stå å sjå på at Erna Solberg sørgjer for at me ikkje kjem oss på bustadmarknaden, fordi me ikkje har ein fast jobb å vise til. Me kan ikkje stå å sjå på at mellombelse stillingar vert den nye normalen for ungdomar i arbeidarklassen, og me kan ikkje stå å sjå på at lønningane våre vert pressa nedover!

Difor må me må stå saman, og 1.mai er dagen det må skje. Det er dagen me må ta kontroll over eigen kvardag, og vise at ungdom ikkje aksepterer at nokre mørkeblå gamlingar i Oslo får øydeleggja for oss.

Ungdom er framtida, og då skal me faen meg bestemme over den sjølv. Med andre ord; engasjer deg i 1. mai, kamerat. Me har alt å vinna på det.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s