Prahavåren – 50 år sia sosialismen med eit menneskeleg ansikt

av Ivar Espås Vangen

Tsjekkoslovakia før 1968

Frå sin innmelding i «austblokka» frå 1948, var Tsjekkoslovakia både det mest økonomisk utvikla av landa i Sovjetsamveldet si interessesfære, men også det mest «stalinistiske» – kanskje med unntak av Albania. Under den autoritære leiaren Antonin Novotny, som både var partileiar og president, var Tsjekkoslovakia i dei første etterkrigsåra prega av relativ stabilitet, streng kontroll over økonomi og kulturliv. Etter kvart begynte den stalinistiske kommandoøkonomien også å setje spor. Frå 1950-talet vart vekst erstatta med stagnasjon, som tidvis vart avløyst av økonomisk nedgang.

Alexander Dubček og reformkommunistane

Det var tydeleg at noko måtte bli gjort. I eit så rikt land med ein tradisjon for demokrati og pluralisme, var det berre eit spørsmål om tid før systemet ville begynne å slå sprekkar. Utover 1960-talet kom sterke indre motsetningar til syne i Tsjekkoslovakias kommunistiske parti (TKP). Dette manifesterte seg både i form av slovakisk kamp for meir autonomi, kritikk av brot på den «sosialistiske legalitet» som stalinismen hadde tatt inn i landet. Tida spilte mot Novotny og resten av den konservative leiinga. Utover 1960-talet kom det fleire liberaliserande reformar, mellom anna i arbeidslivet kor ein frå 1965 ikkje lenger var bundne til arbeidsplassen og kor ungdom no fekk velje arbeidsplass sjølv. Andre reformar slo fast borgarlege rettsprinsipp om likskap for lova, framfor den tidlegare forskjellsbehandlinga etter sosialt opphav.1

Novotnys endelege fall kom på sentralkomitémøtet 5. januar 1968, da fleirtalet i komitéen samla seg om reformkommunisten Alexander Dubček for å overta vervet som partileiar. Dubček hadde lenge vore på den liberale fløya i partiet, og dermed ein uttalt kritikar av Novotny. Det ser ikkje ut til at han forstod kor viktig han kom til å bli. Etter sentralkomitémøtet reiste han sporenstreks tilbake til Bratislava for å sjå ein ishockeykamp han hadde gleda seg til. Dei politiske oppgåva fekk komme seinare.2

Reformene tar til

Dubček og tilhengarane hans i sentralkomitéen gjekk raskt i gang med reformprosessen. Så tidleg som i mars var sensuren i media langt på veg avslutta. I april lanserte også leiinga i TKP det såkalla «aksjonsprogrammet», som meisla ut i kva for ei retning dei ville styre samfunnet framover. Det kan være verdt å sjå på nokre av ideane dei la fram her.

For det første kom dei med ein ramsalt kritikk av maktkonsentrasjonen som hadde prega tida forut for 1968. Dette gjaldt både «den feilaktige tesen om at partiet er eit reiskap for proletariatets diktatur», og dermed også fråværet av korrigering og kritikk av politikken. I økonomien innebar dette at avgjerdene vart tatt sentralt, og at initiativ og skaparkraft vart øydelagt på bedrifts- og arbeidarnivå.

Aksjonsprogrammet innehaldt fleire tiltak for å reformere systemet. For det første foreslo dei i programmet å sikre ytringsfridom for alle, fridom til å bevege seg utanlands, i tillegg til amnesti og rehabiliteringsvedtak for dei som vart ramma av den stalinistiske terroren på 1950-talet. Men enda meir viktig hadde dei mange meir eller mindre konkrete visjonar for korleis ein kunne reformere den skakkøyrte økonomien. I korte trekk gjekk dette ut på gje bedriftene meir autonomi over si eiga verksemd. Generelt sett tok dei fleire omfattande grep for å dra økonomien i retning ein slags marknadssosialisme. Prisar skulle i større grad skje på bakgrunn av tilbod og etterspurnad, og den tsjekkiske krona skulle forhåpentlegvis kunne vekslast fritt på sikt. Reformatorane forstod at ein ofte fekk betre service om folk hadde ein personleg fordel av å yte den, og det blei derfor foreslått at for eksempel skomakarar, skreddarar og frisørar i ein viss utstrekning skulle få arbeide for seg sjølv. Dette kan minne om reformene vi i dag ser på Cuba, eller dei vi så i Sovjetunionen dei siste åra. Mikhail Gorbatsjov spurte ein gong kva som var skilnaden på hans reformar og dei i Tsjekkoslovakia i 1968. Han svara kontant «17 år».

Men reformkommunistane var framleis kommunistar. Dei ville ikkje tilbake til ein kapitalistisk økonomi som før 1948. Som følgje av dette, måtte også arbeidarane få meir sjølvstyre, fordi dei gjennom meir marknadstenking ville bli meir ramma av avgjerda i bedrifta, enten dei var gode eller dårlege. Som dei sjølv skriv i Aksjonsprogrammet3:

«[Partiet mener at] det er nødvendig at hele arbeidsgrupper som lider under konsekvensene bør få innflytelse på ledelsen av foretaket. Vi må opprette demokratiske organer i foretakene og gi dem begrensede rettigheter når det gjelder ledelsen av foretaket. Ledere og sjefer i foretak, som også vil bli oppnevnt av foretakene sjølv til vervene sine, må være ansvarlige overfor dem når det gjelder de generelle arbeidsresultatene.»

Disse tankane minna ikkje reint lite om klassisk arbeidarsjølvstyre som vi kjenner frå for eksempel Jugoslavia. Ota Siik, mannen som var ansvarleg for den økonomiske nytenkinga, slo hardnakka fast at om Tsjekkoslovakia følga forslaga hans, ville økonomien komme på nivå med Austerrike. Han slo også fast at «sosialismens nuværende centralistisk-bureaukratiske system vil udøve en mindre og mindre tiltrækningskraft på arbejderne i de kapitalistiske lande, for det er faktisk allereie umuligt at skjule dens alvorlige mangler»4. Her er vi inne på noko vesentleg. Siik spurte heilt enkelt: kva ville tene folket i Tsjekkoslovakia? At eit uproduktivt og tilbakeliggande næringsliv blei beskytta av kunstig sentralt fastsette prisar og restriksjonar på utanlandshandelen, eller at bedrifta blei nøydt til å konkurrere med utanlandsk verksemd, så han kunne betre seg?

Det er verdt å merke seg at ingen av tiltaka frå 1968 hadde ein brodd verken mot Sovjetunionen eller sosialismen generelt. Ei meiningsmåling viste faktisk at berre 5 % av folket ønska ei tilbakevending til kapitalismen.5 Sjølv kommunistpartiets leiande rolle vart ikkje trokke i tvil, og dei fleste av aktørane i TKP var avvisande til tanken om fleirpartival med reell moglegheit for politisk opposisjon utover samarbeidspartia i «Den nasjonale fronten» som hadde styrt Tsjekkoslovakia saman med TKP sia 1945. Likevel hadde reformkommunistane satt i gang eit stort demokratisk eksperiment det var vanskeleg å spå konsekvensane av.

Invasjon frå Warszawapakta

Sovjetunionens leiar, Leonid Bresjnev, hadde i utgangspunktet gitt klarsignal til at Antonin Novotny blei bytta ut som leder i Tsjekkoslovakia. Da han besøkte landet i 1967, ga han klart uttrykk for at han rekna det som Tsjekkoslovakias egen sak å avgjere leiinga si.

Dette endra seg etter kvart som reformene kom i gang. I et møte i Dresden med parti- og statsleiarar frå Sovjetunionen og dei andre austblokklanda, med unntak av Romania, blei den tsjekkoslovakiske regjeringa skulda for å miste kontroll over det de hadde satt i gang. Like fullt slo sluttkommunikéet fast at møtedeltakarane framleis hadde tillit til at oppbygginga av sosialismen i Tsjekkoslovakia.6

Utover sommaren auka kritikken. Den 14. juli møta parti- og statsleiarar frå Sovjetunionen, Polen, Aust-Tyskland, Ungarn og Bulgaria til eit møte i Warszawa. Tsjekkoslovakias leiing avslo frå å møte. Deltakarane forfatta her et brev kor dei hevda at reaksjonære element støtta av vestlege imperialistar, var i ferd med å ta makta i Tsjekkoslovakia. Argumentet var at kommunistpartia ikkje berre hadde ansvar for sin egen befolkning, men også den internasjonale arbeidarklassen og sosialismens sak. Ergo kravde deltakarane på møtet at den tsjekkoslovakiske leiinga gjenvant kontrollen på media og understreka partiets leiande rolle i praksis.

Den 3. august fant en ny konferanse mellom Sovjetunionen og fleire Warszawapakt-land sted. Denne gangen deltok også Tsjekkoslovakia. I Bratislava-erklæringa som blei underskrive på konferansen framheva deltakarane at de ikkje ville tillate nokon splitting mellom de sosialistiske statane, og ei heller nokon undergraving av sosialismen.

Faren var ikkje over med dette. Dropen kom truleg då dei nye partistatutta for TKP vart publisert 10. august, kor dei åpna for at tillitsvalte i partiet skulle bli valt gjennom hemmelege avstemmingar, og at mindretal skulle få halde på- og forsvare posisjonane sine – eit klart brot med leninistisk ortodoksi.7 Natta mellom 20. og 21. august rykka styrkar frå Sovjetsamveldet, Bulgaria, Polen, Ungarn og Aust-Tyskland inn i Tsjekkoslovakia. Dubček og brorparten av leiinga vart tvunge til Moskva for å underskrive Moskvaprotokollen, kor dei forplikta seg til å «forsvare sosialismen» i Tsjekkoslovakia og styrke dei vennskapelege banda til Sovjetunionen og resten av dei sosialistiske landa. 16. oktober, nokre veker seinare, vart dei nøydd til å underteikne ein avtale om «midlertidig» utstasjonering av sovjetiske troppar i landet sitt. Prahavåren og håpet om ein sosialisme med eit menneskeleg ansikt, var dermed knust. Det skulle gå 20 år før den såkalla «fløyelsrevolusjonen» i 1989 igjen ga tsjekkoslovakane ein sjanse til demokratisk utfalding.

Korfor invaderte Sovjetunionen? Reformkommunistane hadde jo håpa at dei kunne unngå same lagnad som Ungarn i 1956, berre dei gjorde det klart at dei akta å halde på sosialismen og medlemskapet i Warszawapakta. Alt låg til rette for at Tsjekkoslovakia no var i stand til å endeleg kunne bygge ein sosialisme med demokratisk legitimitet. Kan hende er det heller her vi må sjå for å forklare Sovjets invasjon. Det tsjekkoslovakiske eksperimentet kunne, om det hadde funka, spreidd seg til dei andre Warszawapakt-landa – og i verste fall Sovjetunionen sjølv. Det er få ting autoritære leiarar med imperialistisk mentalitet er meir redd for enn demokratiske eksperiment i satellitt-statane sine. Dette gjaldt like mykje for Sovjetunionen i Aust-Europa, som det gjorde for USA i Latin-Amerika og andre stadar.

Til ettertanke

Prahavåren viste fleire ting. Den viste både korleis ein fungerande sosialisme i eit moderne land med demokratiske tradisjonar kan sjå ut, men også kor vanskeleg det var å realisere dette i eit Aust-Europa kor Sovjetunionen hadde siste ord.

Ein gløymer ofte Tsjekkoslovakia i diskusjonar om 1968. Ein pratar mykje om unge studentar i Vest-Europa med draumar om ein betre verd, men mindre om reformkommunistane i Tsjekkoslovakia som prøvde å realisere slike draumar på nasjonalt nivå, for fort å sjå det demokratiske tilløpet knusast under sovjetiske tanks.

Kor viktig er Prahavåren for oss i dag? Nokre av forslaga som kom opp vil på ein moderne sosialist vere både autoritært og gamaldags. Sjølv om reformkommunistane hadde mange demokratiske ønsker, halde dei framleis fast på ein slags eittpartistat kor kommunistpartiet og dei evige koalisjonspartnarane skulle ha regjeringsansvar. Hemmelege avstemmingar og meir representasjon for arbeidsfolk og sivilsamfunn i parlamentet var radikale tankar i Aust-Europa i Bresjnev-tida, men er ikkje tilstrekkeleg i dag. Så kva kan vi lære?

For min del trur eg tankane reformkommunistane hadde for økonomisk politikk kan vera verdt å sjå på for venstresida i 2018. Spørsmålet om korleis ein sosialistisk økonomi både skal dekke folks grunnleggande behov, sikre innovasjon og produktivitetsauke, og samtidig eit reelt demokratisk element, har vi framleis ikkje nokre klare svar på. Så å seie alle realsosialistiske land har slitt med stagnasjon, fråvær av innovasjon og at ein ikkje har evna å produsere ting folk har hatt behov for. Dette på tross av imponerande og viktige sigrar på fleire felt, blant anna utdanning, arbeid til alle, helse og kultur. Bevisbyrda ligg altså på oss. Om vi skal skape engasjement for sosialisme i Noreg i 2018, er det naudsynt å vise til ein økonomisk modell som ikkje berre bryt med kapitalismen, men som også bringer med seg eit framtidsretta system som ikkje berre inneberer sentralisert kommandoøkonomi.

Prahavåren står som eit viktig minne i sosialismen- og den internasjonale arbeidarrørslas historie. Dette representerer eit av dei viktigaste forsøka i eit realsosialistisk land på å stake ut ein human og demokratisk sosialisme for framtida. For oss som ligg i tradisjonen med den vesteuropeiske marxismen slik han etter kvart vart utarbeida i dei vesteuropeiske kommunistpartia etter krigen, er også Prahavåren det kanskje viktigaste eksempelet på ein stat som har ein ideologisk modell som legg opp til ein slags sosialisme slik vi ser han for oss, og ikkje slik han eksisterte i Sovjetunionen eller liknande samfunn. Arbeidet i 1968 og åra før, viser oss også at omfattande endringar kan komme innanfrå, både i parti og stat, utan bruk av valdsmakt. Hadde det ikkje vore for Sovjetunionens sjåvinistiske haldning til «broderlanda», ville truleg reformkommunistanes prosjekt vunne fram. Vi veit sjølvsagt ikkje, men det er i alle fall nærliggande å tru. Prahavåren og reformkommunistanes kamp bør minne oss om den naudsynte samanhengen mellom sosialisme og demokrati. Eit demokrati vil aldri bli heilt reelt utan eit oppgjer med klassesamfunnet, men også ein sosialisme utan eit reelt demokrati vil også forvitre og degenerere. Er det ein lærdom vi må ha med oss frå 1900-talets klassekamp, er dette ein god kandidat.

Litteratur

Bjøl E., 1979, Revolusjonens og sultens verden, Cappelens forlag

Kleven H. I., 2008, Prahavåren – et historisk tilbakeblikk, Marxist forlag

Nistad B., 2013, Sovjetunionens utenrikspolitikk 1917-1991, Vidarforlaget

Rothschild J, Winfield N., 2008, Return to Diversity – A political history of East Central Europe since World War II, Oxford University Press

1Bjøl 1979: 193

2Kleven 2008: 166

3Kleven 2008: 272

4Ibid: 101

5Bjørnflåten 1980: s. 170

6Nistad 2013: 309-310

7Rothschild & Wingfield 2008: 138

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s