Muslimar som kjempa mot dei verkelege fascistane og nazistane

Av Sheila Musaji. Artikkelen er frå 2013.

I samband med den tiltakande bruken av det misleiande uttrykket ”islamske fascistar” i seinare tid, er det viktig å peike på nokre kjensgjerningar. Det kan ha vore nokre få muslimar som samarbeidde med nazistane og fascistane under den andre verdskrigen, men dei var ein liten minoritet. Dei fleste muslimar følgde påbodet frå Koranen:

De truande, stå fast opp for rettferd i Guds namn, anten dette måtte gjelde dykk sjølve, foreldra eller slektningen dykkar, rik eller fattig, for Gud er den som best kan verne dykk. Lat dykk ikkje leie av kjensler med mindre de er rettferdige. Og dersom de vert avleia frå eller avstår frå å handle rettferdig, vil Gud sanneleg vere kjend med kva de gjer” (Koranen 4:135).

Mas´ood framheld følgjande:

Eit veksande kor av røyster som utnyttar holocaust, jødeutryddinga under andre verdskrig, for politiske føremål har prøvt å bakvaske muslimar – og særleg arabarar – med grove påstandar om at dei var medskuldige i holocaust og at dei støtta nazistane. Desse røystene tener haukane sine interesser i Israel og USA, som ønskjer å rettferdiggjere og legitimere krigen, valden og jamvel folkemordet på muslimar og arabarar. Det å setje likskapsteikn mellom muslimar og nazistar gjer det til ei lettare oppgåve å ”selje” den bloddrypande framferda til ei krigstrøytt ålmente. Når ein les skriftene til desse bakvaskarane kunne ein nesten tru at den nazistiske jødeutryddinga var eit arabisk og muslimsk, og ikkje eit europeisk prosjekt. Som sanningsvitne nyttar bakvaskarane gjerne den pro-tyske muftien i Jerusalem, Amin Al-Husayni, og bosnisk-muslimske SS-folk under siste verdskrigen.

Det desse islamofobiske bakvaskarane ikkje liker å snakke om er at denne ”muftien” faktisk var oppnemnd av den jødiske administratoren av Britisk Palestina. Han fungerte i eit usselt år i Al-Azhar og lurte den ottomanske sultanen til så slutte seg til britane. Den mykje opphausa SS-divisjonen – oppløyst etter nokre få månader på grunn av massedesertering – var den einaste SS-avdelinga som har gjort mytteri.

Som eg hevda i ein artikkel om uttrykket ”islamske fascistar”, som no er blitt vanleg: Falske merkelappar og propaganda er kontraproduktivt.

Berre dei siste månadene har det vore ein heil serie av artiklar og bloggar som har fokusert på og utbrodert den triste kjensgjerninga at Amin el-Husseini, muftien av Jerusalem, samarbeidde med Hitler under den andre verdskrigen. Dette fell i tid saman med president Bush sin bruk at uttrykket ”islamske fascistar”. Det kan verke som dette er ein freistnad på å gyldiggjere eit uttrykk som har blitt nytta i nyare tid blant dei som ønskjer ein samanstøyt mellom sivilisasjonar. Korvidt denne brå knoppskytinga i bruken av dette utrykket (eller liknande variantar, som islamo-nazistar, islamo-fascistar osb.) og artiklane som prøver å finne eit samband mellom islam og nazisme og fascisme berre er eit samanfall i tid av ekstremistar som kommuniserer om dette, eller om dette er ein uttenkt og planlagt kampanje, er diskutabelt. Men sluttresultatet er uansett ein auke av islamofobi og gjensidig mistillit. Slik stereotypering fører altfor ofte til dehumanisering av ”den andre” og har historisk vore forløparar til isolering, diskriminering og vald. Slik omtale viskar ut distinksjonar og skaper ein atmosfære der ”fienden” vert dei fleste eller alle muslimar.

Robert Duncan sin artikkel, ”Islamic terrorism linked to Nazi fascists” i Renew America nyttar mufti/Hitler-fotoet som rettferdiggjering av president Bush sin bruk av uttrykket ”islamske fascistar”. Andre som har slutta seg til dette er Jonah Goldberg i ”The Swastica and the Scimitar”, Gene Pinkam, Alan Dershowitz, Timothy Furnish (som er i mot uttrykket, men som likevel plasserer seg i same landskapet), Daniel Johnson m.fl. Little Green Fotballs viste store bilete av Hitler og muftien, ei rekke bloggar viser til eit foto av Hitler saman med stormuftien og Daveed Gartenstein-Ross strekkjer jamvel muftien si avvikande åtferd så langt at det vert til ein generalisert sympati med aksemaktene frå den muslimske verda si side. Og propagandafilmen ”Obsession: Radical Islam´s War Against the West” vert synt over heile USA og Canada og prøver å skape eit bilete av det same sambandet.

Robert Spencer hevdar at det misvisande uttrykket ”islam-fascisme” er heilt overflødig og malplassert: Islam er i seg sjølv berre ein slags fascisme som når si fulle og rette form når det får statens sine krefter. Spencer seier også at uttrykket ”islam-fascisme” ikkje klandrar religionen islam meir enn uttrykket ”italiensk fascisme” klandrar Italia for fascisme. Det viser berre til dei muslimane – som klart finst – som påkallar islam for å rettferdiggjere vald og overmakt, anten dei påkallar islamske doktriner på ein korrekt måte eller ikkje.

Men Spencer og partnaren hans, Pamela Geller, bruker faktisk uttrykket ”fascistar”, ”brunskjorter” og ”nazistar” så ofte i forhold til muslimar at dette vert uinteressant. Ein medsamansvoren til Spencer og Geller i ”den islamofobiske industrien”, David Horowitz, arrangerer jamvel ei årleg ”medvitsveke for islam-fascisme” på college-campusar.

Dette er ein meiningslaus freistnad på å rettferdiggjere stereotypering og islamofobi. Ja visst finst det somme muslimar som var nazistar eller fascistar, men dei var eit lite mindretal samanlikna med alle dei som kjempa mot nazistane og fascistane.

Det faktiske nazipartiet oppsto i Tyskland, eit hovudsakeleg kristent land. Dei faktiske fascistane kom frå Italia, eit anna hovudsakeleg kristent land. Nazistane og fascistane var i hovudsak kristne. Kristendommen har spelt ei rolle i samband med framveksten og fallet til nazistane. Vatikanet signerte eit konkordat (avtale) med Hitler-regimet. Dei katolske reaksjonane på Hitler var i det minste tvetydige. Det finst ei rekke fotografi av Hitler saman med representantar for det kristne presteskapet, som erkebiskop Cesare Orsenigo, paven sin mann si Berlin, ein katolsk kardinal, spanske og tyske biskopar med nazistiske og fascistiske helsingar, kardinal Michael Faulhaber som marsjerer i ein naziparade, riksbiskop Ludwig Muller og mange andre bilete som er tilgjengelege. Det er også mange fotografi av kristne symbol i nazistiske kulturgjenstandar. Det finst også mange fotografi av nazi-soldatar som bed i kyrkjer.

Hitler refererte sjølv til kristendommen som eit grunnlag for overtydingane hans: ”Den nasjonale regjeringa vil sjå på det som si første og fremste plikt å gjenopplive i nasjonen ånda av einskap og samarbeid. Ho vil halde fast ved og forsvare dei grunnprinsippa som nasjonen har bygt på. Regjeringa ser på kristendommen som grunnlaget for den nasjonale moralen vår, og familien som basisen for nasjonalt liv”. Kjelde: My New Order, Proclamation to the German Nation at Berlin, February 1, 1933.

Det kristne sambandet eller hopehavet med nazistar og fascistar var vidtrekkande og er veldokumentert. Det muslimske sambandet eller hopehavet var minimalt. Og nett på same måte som det var kristne som motsette seg og kjempa i mot nazistiske og fascistiske regime, var det også mange muslimar som kjempa mot dette vonde verdssynet.

Holocaust var eit forferdeleg arr på menneskeætta sitt andlet, og det var skurkar og heltar over alt. Muftien i Jerusalem var ein av skurkane og han lyt svare for Gud for brotsverka sine.

Botnlina er at alle dei som deltek i, samarbeider med eller ikkje tek til motmæle mot vondet (uansett kva for ein religion dei tilhøyrer) tilfører menneskeætta skam, og alle dei som står for rettferd og medkjensle gjev oss alle von.

Alt for ofte har dei muslimske og arabiske soldatane som kjempa med dei allierte blitt gløymde heltar. Berre i USA åleine vart meir enn 15 000 arabiske soldatar sende i den andre verdskrigen. Du kan sjå somme fotografi av muslimske soldatar som er gravlagde på militære gravplassar i Europa på Internet. Og det er halvmånar på korsa på militærgravplassen i Arlington. På den franske militærgravplassen i Roma er det 1 888 graver. Dei fleste som er gravlagde her er marokkanarar og algirarar. Dei fleste av gravstøttene syner ein muslimsk halvmåne, medan somme har kors. Alle har likevel følgjande inskripsjon: ”Døydde for Frankrike”.

Arabarar og jødar kjempa ein gong saman under det britiske flagget mot nazistane i Det palestinske regiment. Robert Fisk skreiv om arabarane i Det palestinske regiment i ein artikkel som opna slik: ” Ingen minnast Det palestinske regiment. Jamvel denne morgonen, på denne minnedagen, er det få som hugsar at arabarar og jødar ein gong kjempa under det britiske flagget mot nazi-Tyskland og fascist-Italia. Endå færre vil ha kjennskap til den ekstraordinære soga om arabarar og jødar som kjempa side om side mot Hitler, og som dernest kjempa mot einannan to gonger som fiendtlege soldatar – i 1948 og 1967. Og som seinare, som aldrande menn, vart vener. Men i Midt-Austen, det ”haukar, og ”duer” og ”terroristar” og ”tryggleiksstyrkar” slåst til døden, vert soga deira ein ekstaordinær og skammeleg tiltale mot både Ariel Sharon og Yasser Arafat”. Han skriv også om dei andre arabiske og muslimske soldatane som kjempa for Storbritannia i kampar som El Alamein. Det var også ein Arabisk legion frå det som vart kalt Trans-Jordan. I mai 1941 deltok det mekaniserte regimentet til Den arabiske Legion mot den pro-nazistiske Rashid Ali, som hadde gripe makta i Irak, og som gjekk til åtak på britiske styrkar som var lokaliserte der.

Det var mange muslimske sjømenn i handelsflåten under den andre verdskrigen. Krigshistorikarar har rapportert at av dei skipa som vart søkkte av ubåtar i den andre verdskrigen var det meir enn 3 300 indiske sjømenn som døydde i desse åtaka. Den overveldande majoriteten av desse var muslimar.

Inayat Bunglawala skriv følgjande i Honor of our Muslim soldiers:

“Innhogge i marmor på Menin Gate Memorial til dei sakna i Ypres, Belgia, er namna til 54 896 soldatar frå Storbritannia og det britiske samveldet som døydde i Ypres Salient i den første verdskrigen. Desse har ikkje fått si grav. Den tyske hæren hadde omringa Ypres på tre sider og bomba området gjennom store delar av krigen i det hæren ville okkupere resten av Belgia. Blant dei døde namna som ein finn på Menin Gate Memorial er Muhammad Aslam, Abdullah Khan, Ahmad Khan, Muhammad Usman og mange andre med kjende muslimske namn”.

Majoriteten av dei allierte troppane som vart landsette på strendene i Provence i august 1944 var ”frie franske” muslimar frå Nord- og Vest-Afrika. Tusenvis av marokkanske og indiske muslimske troppar tente frivillig i frigjeringa av Italia. Dei risikerte og gav livet sitt saman med polske fridomskjemparar og amerikanske soldatar ved Monte Cassino. Ti tusenvis av muslimske troppar frå Sovjetunionen kjempa modig ved det helvetesliknande Stalingrad og Leningrad. Alle skulle ære og vere takksame for deira offer for å hjelpe til med å setje ein stoppar for nazismen si svepe.

Noor Inayat Khan kjempa mot nazistane og vart drepen i konsentrasjonsleiren i Dachau. I 2012 vart ho æra av Storbritannia med ei bronsebyste til minne om heltegjerninga hennar.

Historiene om muslimar som berga jødar er stort sett ukjende og ikkje publiserte. Berre dei siste 15 åra har holocaust-forskarar gjort nokre få kjende for ålmenta. Yad Vashem og andre minnegrupper for holocaust har æra fleire muslimar for det som er blitt stadfesta som ”rettskafne ikkje-jødar”. 70 muslimar er omtalte slik av Yad Vashem for å ha hjelpt jødar i Nord-Afrika, Tyrkia og Albania i nazitida.

Bulgarske kristne og muslimar verna jødar frå nazistar.

Albania var det einaste muslimske majoritetslandet i Europa. Albania berga ikkje berre albanske jødar frå nazistane. Albania var faktisk det einaste landet i Europa som hadde ei større jødisk folkegruppe på slutten av krigen enn før krigen tok til. Ingen albansk jøde eller andre jødar som kom til Albania for vern vart returnerte til nazistane. Det er laga ein film kalla ”Optimistane” (”The Optimists”) som tek for seg den nesten heilt ukjende soga om korleis 50 000 jødar som budde i Bulgaria overlevde holocaust trass i intense freistnader frå nazistane si side på å deportere dei til dødsleirar. Femti tusen jødar døydde ikkje avdi bulgarske kristne og muslimar fann måtar å verne jødane mot dei som ville ta livet av dei. Albanaren Refik Vesili, som då var 16 år gammal, berge åtte jødar ved å gøyme dei i familien sin heim i fjella. Den engelsk-albanske plaketten i det jødiske hjørnet av nasjonalmuseet i Tirana presenterer ei liste over 33 muslimske albanarar som har blitt æra av Yad Vashem. Det er sett av eit ope felt for andre muslimar som har ytt tilsvarande innsats i same landet.

New Jew spør kva som fekk albanarane til å nekte å gje etter for nazistane medan nesten alle andre svikta i så måte. Forklaringa meiner dei ligg i den muslimske overtydinga deira. Enver Alia Shequer, son til ein ”rettskaffen ikkje-jøde”, spør kvifor faren hans berga ein framand sjølv om han derved risikerte livet sitt og til og med sette heile landsbyen sin i fare. Han svarer at far hans som ein heilstøypt muslim trudde at det å berge liv ville gje han plass i paradiset.

300.000 marokkanske jødar i Israel sørgde over dauden til kong Hassan i 1999.

Far hans, Mohammed 5., er vidt anerkjent for å ha redda Marokkos jødar frå deportering under andre verdskrigen, og Hassan heldt fram med den pro-semittiske politikken til faren. Sjølv om det var antijødiske episodar etter etableringa av staten Israel i 1948, så var det jødiske samfunnet stort sett trygge under både Mohammed og Hassan, som stolt såg på jødane som «marokkanarar av jødisk opphav».

Sønene til jødiske leiarar under andre verdskrigen fortel om regionale guvernørar i Marokko som gav jødiske leiarar fyrstikker og bad dei brenne lista med namn, adresser og formue til lokale jødar. Utan lister ville det vera mykje vanskelegare å deportere jødane og beslaglegge formuane deira.

Robert Satloff fortalde i ein artikkel i New York Times at «Arabarar ønska jødar velkomne i heimane deira, vakta på verdiane til jødar slik at tyskarar ikkje kunne konfiskere dei, delte med jødar sine magre rasjonar og åtvara jødiske leiarar mot kommande SS raid. Sultanen av Marokko og bey’en i Tunis gav moralsk støtte og somtid praktisk hjelp til jødiske undersåttar. I Vichy-kontrollerte Algerie forbaud prestar i fredagsbøna trusfellane sine å tene som konservatorar til beslaglagd jødisk eigedom. Som Yaacov Zrivy, frå ein liten by nær Sfax i Tunis, sa: «Arabarane passa på jødane.» Eg fann merkverdige historier om redning òg. I dei bølgjande åsane vest for Tunis flykta 60 jødiske internerte frå ein arbeidsleir og banka på døra til ein bonde som heitte Si Ali Sakkat, som modig gøymde dei til frigjeringa av dei allierte. I den tunisiske kystbyen Mahdia samla ein elegant lokal storkar som heitte Khaled Abdelwahhab opp mange familiar midt på natta og frakta dei til eigedomen sin på landet for å beskytte ei av kvinnene frå rovgiren til ein tysk offiser, hugen på valdtekt.» Han fortel også historia om Yehuda Chachmon, ein libysk jøde som var internert i ein italiensk leir i Giado. «Dei arabiske leirvaktene trekte seg unna den sadistiske torturen som italienarane utsette jødar og andre fangar for. Av dei 2.600 jødane i Giado leiren døydde 562 på mindre enn eitt år. Dei italienske vaktarane handsama jødane brutalt, medan haldninga til dei arabiske vaktarane under italienarane var utmerkt. Dei fann også løynde vegar å lette byrdene våre.»

Tunisiaren Khaled Abdul-Wahab blei nominert som den første arabaren til å bli erklært som ein Rettvis mellom nasjonane («Righteous among the Nations») ved det jødiske Holocaust minnesmerket Yad Vashem. Men innsatsen hans vart underkjend to år seinare fordi Abdul-Wahab ikkje hadde risikert livet sitt, sia han ikkje handla mot tunisisk lov medan han tok seg av to jødiske familiar når huset deira vart kringsett under den tyske okkupasjonen. Om han skal få æra, er framleis under drøfting. Også i Tunis gav styraren under krigen, Ahmed Pasha Bey og fetteren hans Moncef Bey livsviktig offentleg støtte til jødar som opplevde forfølging frå Vichy-regimet. «Stadig åtvara dei jødiske leiarar om tyske planar, hjelpte jødar med å unngå arrestordrar, intervenerte for å hindre deportasjonar, og gøymde jødar så dei kunne unngå tyskarane. Moncef Bey blir kjært hugsa av tunisiske jødar. «Han gav jødane lik behandling,» erklærte Shlomo Barad. «Han tillét ikkje at dei vart diskriminerte.»

Bosnia – Dervis og Servet Korkut gøymde mange jødar unna det lokale fascistregimet, mellom anna ei ung, jødisk motstandskvinne ved namn Mira Bakovic. Dervis Korkut redda jamvel det verdfulle 1300-talsmanuskriptet Sarajevo Haggadah, gøymde det i heimen sin og heldt dermed det mest kjende opplyste hebraiske manuskriptet intakt.

Selahattin Ulkumen, den tyrkiske konsulen på Rhodos, berga mange dusin jødar frå sikker utrydding i Auschwitz, noko som førte til dauden til kona Mihrinissa da nazistane aksjonerte mot han. Til dømes Bernard Turiel, ein jøde fødd i 1934 på Rhodos, hadde far og bror i fengsel der dei venta på transport til Auschwitz. Dei vart redda av det modige inngrepet til Ulkumen, som insisterte på at tyrkiske borgarar, inkludert jødar, ikkje kunne bli deporterte på grunn av traktaten mellom Tyskland og Tyrkia. «Dei var frelsarane våre,» sa Turiel. Dei såg kvarandre igjen i 1988, da Anti-Defamation Ligaen til B’Nai Brith overrekte Ulkumen sin «Mot til å bry seg»-pris.

Professor i tyrkisk historie i Los Angeles, Stanford Shaw, har skrive om tusenvis av jødar som vart berga av den tyrkiske regjeringa. «Tyrkiske diplomatar i Frankrike brukte mykje tid på å organisere tog-karavanar for å ta tyrkiske jødar tilbake til Tyrkia… Ved sida av å gje materiell hjelp til tyrkiske jødar forfølgde i Frankrike og andre land i Vest-Europa, så hjelpte Tyrkia også øst-europeiske jødar som var forfølgde i land som Hellas, Litauen, Romania, Ungarn, Jugoslavia og Bulgaria. Heilt frå starten på krigen tillét den tyrkiske regjeringa at det Jødiske Byrået heldt ope redningskontor på hotell i Istanbul.»

Tyrkia kunne, ut frå nøytraliteten sin gjennom mesteparten av andre verdskrigen og den unike geografiske stillinga mellom Europa og Midt-Austen, spele ei viktig rolle for europeiske jødar i følgje Anti-Defamation Ligaen. Tyrkia med sitt muslimske fleirtal berga over 15.000 tyrkiske jødar og over 100.000 europeiske jødar.

I Frankrike fungerte sentralmoskeen i Paris som ein tilfluktsstad for franske jødiske barn som blei berga frå transport til dødsleirar. Denne moskeen vart bygd i 1920-åra, som eit uttrykk for takksemda frå Frankrike til dei over ein halv millionar muslimar frå dei afrikanske koloniane som kjempa ved sida av franskmennene i første verdskrigen. Om lag 100.000 av dei døydde i skyttargravene. Ein film er blitt laga om muslimske redningsmenn under andre verdskrigen kalla «Their Children Are Like Our Own Children». Ein annan film, «Free Man», følgjer heltemotet til grunnleggjaren av Stormoskeen i Paris med han reddar jødar frå nazistane. Han fortel historia om den algirsk-fødde Kaddour Benghabrit som redda jødar i Frankrike frå nazi brutaliteten. Benghabrit ordna med vern og muslimske identifikasjonsdokument til mengder av jødar for å hjelpe dei til å sleppe unna arresteringar. Han brukte også sentralmoskeen i Paris til å verne meir enn 100 jødar frå forfølging.

Også i Paris vart tusenvis av iranske jødar og etterkommarane deira berga av ein iransk muslimsk diplomat som er kalla den muslimske Schindler. Ei ny bok, «In the Lion’s Shadow», fortel korleis Abdol-Hossein Sardari risikerte alt for å hjelpe iranske jødar å flykte frå nazistane. Sardari brukte innflytelsen sin og tyske kontaktar til å få unnatak frå nazistiske raselover for meir enn 2.000 iranske jødar, og muligvis andre, ved å argumentere med at dei ikkje hadde blodsband til dei europeiske jødane. Han hjelpte òg mange iranarar, deriblant medlemmer av det jødiske samfunnet, å returnere til Teheran ved å utstyre dei med dei nye iranske passa dei trong for å reise gjennom Europa. Sardari praktiserte som advokat i Sveits før han vart diplomat.

I Algerie vart pro-jødiske kjensler leida av religiøse lærde som Abdel Hamid Ben Badis, grunnleggjaren av den Algirske liga av muslimar og jødar, som var ein «intenst from mann med eit moderne, ope og tolerant syn på verda.» Shaykh Taieb el Okbi var ein annan leiar med nære band til jødane. Da franske pro-fascistiske grupper oppmoda algirske muslimar å forfølgje jødane, så sende Shaykh Taieb ut ein fatwa som forbaud dette. Og frå preikestolar i algirske moskear sende imamar ut instruksjonar til tilhengjarane om å motstå fascistane og fara fint fram mot jødane. Den jødiske motstandsleiaren i Alger, Jose Aboulker, vitna om når «jødisk gods vart heldt fram til offentleg auksjon, så gjekk instruksar rundt i moskeane, ‘Brørne våre lid av ulykker. Tak ikkje godset deira.’»

Egyptiske intellektuelle som Ahmad Hasan Al-Zayyat, som åtte og redigerte det viktigaste intellektuelle vekemagasinet i 1930-åra i Egypt og den arabiske verda, Al-Risala, tok avstand frå Nazi-Tyskland og Hitler på ein lysande måte, spesielt kring krigsutbrottet. Israel Gershoni, ein historieprofessor ved Universitetet i Tel Aviv, har granska ein del kulturelle tidsskrift frå mellomkrigstida, mellom anna al-Hillal («Halvmånen») og al-Risala («Bodskapen»). I følgje Gershoni var forfølginga av jødar i Tyskland her tidleg eit sentralt tema, for det meste med kritiske augo.

«Botnlinja er at alle dei som deltar i, samarbeider med eller ikkje talar ut mot vondskapen (utan omsyn til religionen deira), kastar skam på manneætta. Som Koranen åtvarar oss alle: «Å, de som trur, stå fast opp for rettferd, som vitne for Gud, sjølv når det er mot dykk sjølve, eller foreldra dykkar eller skyldfolket, og om det er imot rik eller fattig; for Gud kan best verne båe. Følg ingen lidenskap viss de ikkje er rettvise. Og viss de forkludrar eller avslår å gjera rett, så er Gud sanneleg vel merksam på alt som de gjer» (Koranen 4, 135).»

Holocaustnekting

Det er også viktig å hugse at etter andre verdskrigen har det vore somme folk som engasjerer seg i ein sjuk amnesi om historia som kallast «holocaustnekting». Sørgjeleg nok har det vore nokre muslimar som har engasjert seg i denne usle nektinga.

Kong Mohammed 6. av Marokko har sendt ut ein proklamasjon om holocaust, ei spesifikk og medviten gjendriving av holocaustnekting. Han sa: «Amnesi har ingen verknad for forståinga mi av holocaust eller for mitt folk.» Han proklamerte i 2009: «Vi lyt saman streve med atter å fremja fornuft og verdiane som ligg under legitimiteten til eit rom av samvere kor orda verdigheit, rettferd og fridom uttrykker seg på same måte og vil vera saman med dei same vilkåra, utan omsyn til våre opphav, kulturar eller åndelegheit. Dette er vår tolking i Marokko, utav plikta til minne diktert av Shoah.»

Ei stadfesting frå amerikanske muslimske imamar og fellesskapsleiarar om holocaustnekting og antisemittisme vart send ut i 2011.

Meir om muftien av Jerusalem

Sørgjeleg nok finst der somme som ikkje kan halde seg frå å utnytte og fokusere på slynglane for å spore til det same hatet som leidde til holocaust. Pamela Geller har nettopp publisert ein artikkel om ei omstridd fråsegn frå ein amerikansk ambassadør og nytta dette høvet til enno ein gong å ta opp muftien av Jerusalem og det ho kallar den «vondhuga islamske antisemittismen slik Koranen påbyd.» Ho påstår at «Rolla til muftien og den muslimske verda i andre verdskrigen er vorten vaska vekk frå historia. Korfor? For at dei kan stige opp att for igjen å gjera dei same unemnelege, fælslege brotsverka mot manneætta?»

Geller kallar muftien for «leiaren av den muslimske verda», noko som er nonsens. Han var ikkje meir leiaren av den muslimske verda enn Geller er leiaren av den jødiske verda. Stormuftien av Jerusalem er tittelen for den geistlege sunnimuslimen som har ansvaret for dei islamske heilage stadene i Jerusalem, inkludert Al-Aqsa moskeen. Der er ein stormufti av Jerusalem i dag, veit nokon som helst utafor Jerusalem namnet hans?

I tillegg er nokre grunnleggjande fakta om korleis muftien fekk tittelen, relevante. Han vart tilsett som mufti av britane, og «utnemninga hans til mufti var i seg sjølv svært omstridd. Avgjerda om å gje al-Husseini stillinga vart gjort av Herbert Samuel, den første høgkommisær av Palestina. Det var underleg at Samuel, ein britisk jøde, skulle tilsetja ein mann som skulle bli skuld i så mykje uro i mandatområdet.» Samuel benåda al-Husseini og i januar 1922 tilsette han som ny mufti og jamvel fann opp den nye tittelen som stormufti. Han vart samtidig utnemnd som president til det nyskapte øvste muslimske råd. Al-Husseini vart dermed den religiøse og politiske leiaren av arabarane.» Han ble gitt denne stillinga mot dei lokale muslimske stemmane, sia han «var kommen på ein dårleg fjerde plass i avstemminga. Det muslimske samfunnet avviste kandidaturet hans fordi han ikkje hadde gått gjennom nokon truverdig islamsk utdanning. Han var verken ein Sheikh (religiøst tilsett leiar) eller ein Alim (islamsk lærd), men han blei den høgst rangerte arabiske makta i Palestina.» Samuel skapte også det øvste muslimske rådet i 1921.

Geller kan ikkje sjå at alle dei muslimske heltane som slost mot antisemittisme og folkemord var inspirerte av Koranen, og at muftien ikkje var representativ for den «muslimske verda». Denne slags hatefull stereotyping av ein heil religion er just det som førte til holocaust under andre verdskrigen, og som i dag leier til slike hendingar som vandaliseringa av graver til muslimske soldatar frå andre verdskrigen i Frankrike. Kvar gong nokon talar om «alle muslimar», «alle jødar» eller «alle kva som helst gruppe», så veit vi at vi har å gjera med bigotteri.

Om det «islamske jødehatet» som Geller påstår er innsett av Koranen, så vil eg minne henne om stadfestinga frå amerikanske muslimske imamar og lærde som mellom anna seier:

«Vi gir vitnesbyrd til den absolutte skrekk og tragedie til holocaust der over tolv millionar menneskesjeler gjekk til grunne, inkludert seks millionar jødar.

Vi fordømmer alle freistnader på å nekte for denne historiske verkelegheita og erklærer slik nekting eller nokon rettferdiggjering av denne tragedien som mot den islamske etiske kode.

Vi fordømmer antisemittisme i alle former. Ingen skapning av den allmektige Gud skal møte diskriminering grunna på hans eller hennes tru eller religiøse overtyding.

Vi står sameinte som det muslimske Amerikas trus- og samfunnsleiarar og godkjenner at vi har eit delt ansvar for å halde fram med å arbeide saman med leiarar av alle trusretningar og samfunna deira for å kjempe mot avhumaniseringa av alle folkeslag basert på religionen, rasen eller etnisiteten deira. Med den urovekkjande veksten av antisemittisme, islamofobi og andre former for hat, retorikk og bigotteri så må no, meir enn nokosinne, folk med tru og tillit stå saman for sannheit.»

Geller (som er jødisk) burde forstå korfor det er viktig at alle gode folk seier «aldri meir!»

 

Omsett med tillatelse frå http://theamericanmuslim.org

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s