Bokomtale: Hva og hvorfor? – refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den kommunistiske verdensbevegelse og i Sovjetunionen

av Kjell Underlid

Kjell Underlid omtalte Hans I. Klevens trebindsverk «Hva og hvorfor» over tre separate omtaler i Sosialistisk framtid nr. 2 2007 og nr. 1 og 2 2011. Omtalene er her slått sammen til én artikkel. Red. mrk.

Bind 1: Frå Lenin til Stalin

Denne boka er det første av to bind, og målet med bokverket er å beskrive og analysere grunnane til samanbrotet i den internasjonale kommunistrørsla og i Sovjetunionen i 1989/90.

Mange kommentatorar og forskarar har alt levert viktige bidrag til ei slik forståing. Kleven utmerkar seg likevel på ulike måtar. For det første går han historisk til verks – frå Oktoberrevolusjonen i 1917 og frem til kollapsen i 1989/90. For det andre er analysemåten breispektra – han trekker inn historiske, økonomiske, sosiale, kulturelle, politiske og jamvel psykologiske moment i analysen. For det tredje går han særs grundig til verks. Det første bindet er på 556 tettpakka sider; det neste vert neppe særleg kortare. Han har ei vitskapleg tilnærming, der han gjer bruk av eit enormt internasjonalt kjeldemateriale, mellom anna arkivmateriale av nyare dato. Dermed vert det noko langt meir enn vilkårleg ”synsing”. For det fjerde kjenner han rørsla frå innsida, som mangeårig aktør.

Det kan i denne samanheng vere på sin plass å seie nokre ord om forfattaren. Han vart medlem av Noregs Kommunistiske Parti (NKP) i 1945, ekskludert som furubotntilhengar i 1950, var nestleiar i partiet i 1976-82, og leiar i 1982-87. Han har vore aktiv som politisk skribent og teoretikar og har hittil skrive 17 bøker og ei rekke hefte. Hans I. Kleven er utmeldt av NKP, men er aktiv i Marxistisk Forum. Mange vil rekne Kleven som den fremste nolevande marxistiske teoretikaren i Skandinavia.

I det første bindet av Hva og Hvorfor, er temaet altså ”fra Lenin til Stalin”, det vil seie frå Oktoberrevolusjonen i 1917, til den 20. kongress i Sovjetunionens kommunistiske parti i 1956. Når Kleven vel å bruke et heilt bind på denne tidsepoken, avspeglar det eit syn som går ut på at mykje av røtene til samanbrotet må søkjast her.

I kapitlet om Oktoberrevolusjonen får vi servert omtale og analyse av klassemessige føresetnader, forsering av industrikapitalismen i Russland, Russlands sosialdemokratiske parti, revolusjonen i 1905, Februarrevolusjonen, Oktoberrevolusjonen og marxistisk revolusjonsteori, den internasjonale arbeidarrørsla på denne tid og det allmenne og særeigne i Oktoberrevolusjonen.

I kapitlet om Lenin og kampen for å halde på Sovjet-makta tek han for seg ”den revolusjonære nødvendighet”, borgarkrig og imperialistiske intervensjonskrigar, krigskommunisme, ny økonomisk politikk (NEP), tilhøvet mellom nasjonane, Sovjetmakta og proletariatet sitt diktatur og Lenin sitt testamente. Personleg fann eg omtalen av Lenin sitt testamente spesielt interessant. Som kjent åtvara Lenin sterkt mot Stalin her; han vart sett på som ”grov”, ”lunefull” og som ein person som har ”konsentrert umåteleg makt i sine hender”. Lenin meinte såleis at Stalin måtte fjernast! Men dette dokumentet frå den store revolusjonsleiaren vart ikkje offentleggjort sjølv om det var kjent av mange. Og det vart framstilt slik at Lenin sitt forslag kom frå eit sjukt menneske.

I kapitlet om kampen om vegen og makta tek Kleven særleg for seg plattformer og rivalar, særleg Trotski og Bukharin. Trotski vart identifisert som venstreavvikar av Stalin, og vart som kjend utvist frå landet. I 1940 vart han brutalt myrda av ein spansk stalintilhenger med ei kjøtøks. Etter at denne mordaren hadde sona straffa si i Mexico (der Trotski var busett) vende han attende til Sovjetunionen og vart heidra der! Kleven meiner at Trotski i ettertid må vurderast meir objektivt og trekker fram mannen sine positive kvalitetar, mellom anna som teoretikar, organisator, agitator og skribent. Han går slett ikkje ”god” for alt det Trotski sto for, tvert i mot, men distanserer seg frå bruken av ”trotskist” som skjellsord og brennemerking, slik tradisjonen har vore i den kommunistiske verdsrørsla. Det var mange slike stigmatiserande etikettar, til dømes titoist. Kleven høyrer ikkje til dei som meiner at ”Lenin var like ille som Stalin”, og at det var under Lenin elendet kom inn i rørsla. Tvert i mot held han Lenin og Stalin for å være ”antipodar”. Han framhevar Lenin sin kloke realisme og fleksible tilnærmingsmåte, og hans konkrete analyse av konkrete situasjonar.

Ja visst vart det nytta harde metodar under Lenin, men desse var berre meint til å vere midlertidige – under krigskommunisme, borgarkrig og intervensjonskrigar. For Kleven er Lenin først og fremst en stor sosialistisk teoretikar. Kleven meiner at det var eit alvorleg feilsteg å bryte med NEP-politikken under Stalin, og at tvangskollektiviseringa fekk katastrofale følgjer. Ein burde ha innført sosialismen over eit lengre tidsrom og meir etappevis, og unngått Stalin sin voluntarisme og ”store sprang”. Det vart ein eventyrpolitikk som ikkje tok omsyn til dei harde realitetane og til elementære økonomiske lover. Bukharin stod for ei meir edrueleg line i slike spørsmål. Han vart stempla som høgreavvikar, og måtte bøte med livet. Stalin såg fiendar over alt – høgre- og venstreavvikarar – og plasserte alltid seg sjølv som den som stod for den ”rette” lina mellom desse ”ytterkantane”. Han hadde her ei suveren definisjonsmakt, og kunne eigenrådig avrette brysame konkurrentar og rivalar.

I kapitlet om stalinismen er temaet særleg korleis ein skal forstå og definere ”stalinisme” og Nikita Khrutsjov sin ”hemmelege” tale på den 20. partikongressen i 1956. Det er utruleg at denne talen ikkje vart publisert i Sovjetunionen. Innhaldet vart ellers kjend i breie krinsar nokså snøgt, og skaka den internasjonale kommunistrørsla. Sjølv om dette var hard kost for mange, var det likevel eit halvhjarta oppgjer. Khrutsjov måtte her ta taktiske omsyn. Det må her leggjast til at han sjølv lenge hadde vore knytt til dette systemet og vore ein nær medarbeidar av Stalin. Han var såleis medskyldig. I oppgjeret med Stalin må ein ikkje gløyme dette – det var mange medskydige – og dette oppgjeret kan såleis ikkje avgrensast til ein enkelt person (Stalin). Og Khrutsjov tala i liten grad om systemfeil. Når det gjelder ordet ”stalinisme” så er dette omgrepet lite presist og også uheldig på andre måtar. Kleven meiner at ”stalinisme” ikkje kan forståast som ein teoretisk ”isme”, for Stalin utforma ikkje noko sjølvstendig teoretisk system, slik Marx og Lenin gjorde. Det er meir tale om ein bestemt type praksis (og kanskje også mentalitet). Avdi ordet har blitt så innarbeidd, og fordi det manglar gode alternativ, er det likevel greitt å tale om ”stalinisme”. Ein har ellers talt om ”statssosialisme”, ”partisosialisme”, ”kasernesosialisme”, ”reelt eksisterande sosialisme”, ”sosialisme basert på kommandoøkonomi”, og anna. I alle fall var det eit system med ekstreme trekk, parra med terror, ”galgens sosialisme”, eit samfunn der lina konsekvent gjekk ovanfrå og nedover.

Når det gjeld omfanget av Stalin sin terror har det som kjent versert ulike tal. Somme av dei er så høge at folketalet i landet nærast skulle ha endt i minus, og er såleis overdrivne. Kleven åtvarer mot slik ”matematikk”. Dette kjem blant anna an på ”reknemåte”. Ein ting er dei direkte politiske avrettingane, ein annan ting sjukdom og tidleg død som følgje av innesperring i arbeidsleirar og forflytting av heile folkegrupper. Eit tredje aspekt er effekten av feilslått politikk, til dømes forsert tvangskollektivisering. Men dette handlar ikkje berre om liv og død, men også om den psykologiske nauda som tallause menneske vart utsett for som følgje av trakassering og terror. Stalin forsvarte alt dette eksplisitt, og gjekk også inn for å ta livet av familiemedlemmer til dei politiske ”avvikarane”. Han legitimerte dette med å påstå at det var nødvendig (noko som i følgje Kleven slett ikkje var tilfelle). Det var midlar for å tilfredsstille Stalin sin sjuklege trong til makt og eit uttrykk for mannen sin velutvikla paranoia. Dermed perverterte han også sosialismen, og øydela dette systemet si tiltrekningskraft. Han trakka på marxismen sin humanistiske karakter og la eit grunnlag for samanbrotet i 1989/90. Men alt dette kan ikkje skrivast på Stalin sin konto. Det var mange medskyldige. Og det var tale om eit pervertert samfunnssystem.

I det siste kapitlet tek Kleven for seg Komintern og Stalin. Via Komintern fekk han eksportert stalinismen og fekk såleis høve til å herske over parti i andre land. Dei einskilde kommunistpartia vart gjort til lydige reiskapar for Stalin (og hans likesinna) sin vilje. Mest katastrofalt var teorien om sosialfascisme, der han gjorde sosialdemokratiet og særleg venstresosialdemokratiet til hovudfienden. Denne ”teorien” vart også ei ”eksportvare”. Heldigvis vart kursen justert med einskapspolitikken på midten av 1930-åra, med Dimitrov som sentral kraft. Men sosialfascismetilnærminga hadde alt gjort ubotelig skade. Når det gjeld Stalin si rolle under andre verdskrig, er det mangt å seie om dette. Kleven går ikkje så mykje inn på dette i boka, men viser til annan litteratur. Stalin var til dels ein klok (eller slu om ein vil) og varsam utanrikspolitikar, og vart eit viktig symbol for store delar av den internasjonale motstandsrørsla i desse krigsåra. Men han gjorde også fundamentale feil, både før og under krigen, som svekte motstandskreftene. Når somme nye og gamle stalinister vil prøve å rehabilitere Stalin ved å vise til krigsinnsatsen hans, er det viktigaste svaret likevel at æra for sigeren ligg i den samla innsatsen til motstandskreftene – i aust som i vest – og særleg dei som gav sitt eige liv i denne kampen.

Vel, Stalin døydde i 1953, og tre år seinare fekk vi Khrutsjov sin ”hemmelege” tale, som var eit ”halvoppgjer” med stalinismen. Kleven meiner her at det var eit alvorleg mistak at ein ikkje tok dette oppgjeret fullt og heilt. Han hevdar jamvel at Sovjetunionen seinare fall attende til ein slags halvstalinisme, under Bresjnev og senere. Gorbatsjov sin Glasnost og Perestrojka var prisverdig og lovande, men det vart helst med orda. Men dermed er vi over i bind II, som vi ventar spent på.

Med dette første bindet har Kleven skrive den viktigaste boka på og for norsk venstreside på fleire tiår, kanskje etter krigen. Det er eit ruvande storverk – veldokumentert, analytisk, reflektert. Det er tale om eit voldsamt oppgjer med stalinismen. Venstresida vil aldri bli heilt ”frisk” før vi klart og tydeleg tek inn over oss desse lærdomane. Sosialismen må ikkje være despotisk, men demokratisk og humanistisk. Måtte boka bli lesen av mange!

 

Bind 2: Frå stagnasjon til perestrojka

I denne bokomtalen skal eg ta for meg den andre boka, bind II, i Hans I Kleven sitt trebindsverk, Hva og Hvorfor? Bind I, Fra Lenin til Stalin, vart utgjeve i 2007, og vart omtala same år i Sosialistisk fremtid av underteikna. Vi er mange som har venta i spenning på framhaldet. Og i 2010 vart bokverket fullført med Bind II og III. I mellomtida har Kleven skrive to andre bøker innimellom; om Praha-våren og vegen (vegane) til sosialisme.

Fra stagnasjon til perestrojka er på 513 sider. Det første bindet er endå lengre, 556, sider, og den siste boka er på heile 680 sider. Etter gjennomlesing av Bind II pusta eg letta ut og opplevde det som litt av ein prestasjon å ha lese kvar ein setning og kvart eit ord i denne ”mursteinsboka”. Men kva skal ein då seie om bragda til forfattaren, ein mann i 80-åra, som har skrive desse bøkene?

Det er ikkje lett å skrive ein bokomtale som yter boka full rettferd; det er vel nærast umogeleg på nokre få sider. Men eg kan prøve å gje eit riss av kva for emneområde forfattaren tek for seg. Kan hende kan dette inspirere lesarane til å skaffe seg boka og lese kva Kleven sjølv skriv. Det fell då naturleg å starte med boka sin struktur og oppbygging. Undertittelen til denne boka, og dei to andre binda, er: ”Refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den kommunistiske verdensbevegelsen og i Sovjetunionen”. Dette indikererer også det forskingsspørsmålet, eller den problemstillinga, som forfattaren tek sikte på å svare på. Men la oss først sjå kva for emne Kleven tok for seg i Bind I. Han skreiv her om oktoberrevolusjonen 1917, Lenin og kampen for å halde på makta, kampen om vegen og makta, stalinismen og Komintern og Stalin. I Fra stagnasjon til perestrojka er det fleire kapittel; om folkedemokratia, den amerikanske imperialismen og dei to ”leirane” i verdspolitikken, stalinismen kastar internasjonale etterkrigsskuggar, mildværet (”tøværet”), SED-DDR, farvel til Stalin, SUKP sin 22. kongress, sosialismen sine økonomiske problem, personskifte på toppen i SUKP og SED, spørsmålet om byråkratiet er blitt ein ny klasse, Andropov som ei ny von som vert tent, perestrojka og SUKP sin 27. kongress. Bakerst i boka finn vi dokument, som hovudsakleg tek for seg den tyske arbeidarrørsla og novemberrevolusjonen i 1918 og hendingar i sovjetisk politikk, frå Khrustsjov sitt oppgjer med Stalin og fram til SUKP sin 27. kongress.

Med undertittelen til Bind I, Fra Lenin til Stalin, som eg las ”frå og med og til og med”, hadde eg venta meg at Stalin og Stalin-tida var unnagjort, og at boka helst ville ta for seg ”Bresjnev-æraen” fram til Gorbatsjov. Denne forventninga bygde også på undertittelen til Bind II: Fra stagnasjon til perestrojka. Men her tok eg feil; også denne boka tek i stor grad for seg Stalin og Stalin-tida, og ikkje berre som bakteppe for seinare hendingar. Vi kan lese mykje om Stalin sine ”herjingar” i Sovjetunionen også her, men endå meir internasjonalt, og særleg i dei nye folkedemokratia i Austeuropa. Det er særleg denne austeuropeiske dimensjonen som er nytt i denne boka. Som følgje av den andre verdskrigen fekk jo Sovjetunionen nye allierte og forbundsfellar; realsosialismen fekk fleire bein å stå på. Det var ikkje lengre tale om ”sosialisme i eitt land”. Som Kleven skriv har dei store sosialistiske revolusjonane komme i kjølvatnet av store krigar; Sovjetunionen vart såleis til i samband med den første verdskrigen og dei austeuropeiske folkedemokratia etter siste verdskrig. Han skriv at slik må det sjølvsagt ikkje vere.

Av dei austeuropeiske landa skriv han helst om DDR og det sosialistiske einskapspartiet SED. Dette er vel naturleg; som elev ved partihøgskulen i DDR like etter krigen fekk han inngåande kjennskap til tysk arbeidarrørsle. Tysk arbeidarrørsle er vel dessutan av spesiell interesse, sett med norske og vesteuropeiske auge. Han er også inne på forholda i Jugoslavia, der det vart utvikla ein særskild sosialismevariant med sjølvforvaltning under Tito. Striden mellom Stalin og Tito vart ekstra hard, og skuldinga om å vere titoist var lenge noko av det verste kommunistar kunne bli utsette for. Dette fekk blant anna tilhengarane av Peder Furubotn røyne i partistriden i NKP i 1949/50 (Kleven var ein av desse). Kleven kommenterer også kort utviklinga i Tsjekkoslovakia, eit anna land som er av særskild interesse frå ein norsk/vesteuropeisk samanheng. Tsjekkoslovakia var sterkare industrialisert enn nabolanda i Austeuropa og hadde borgarleg-demokratiske tradisjonar. Men dette har han nyleg skrive ei eiga bok om (Praha-våren). Kortare er Kleven i omtalen av Polen, Romania, Bulgaria og Albania. Sistnemnde land braut som kjent ut av den Sovjet-orienterte ”leiren” eller fellesskapet på eit seinare tidspunkt. Som eit apropos kan nemnast at det var debatt om ordet ”leir” var det mest føremålstenlege i denne samanheng.

Den internasjonale kommunistrørsla gjeld meir enn Sovjetunionen og Austeuropa, men Kleven avgrensar seg stort sett til desse landa. Han nemner så vidt Cuba. Dette landet har for så vidt ein spesiell interesse i denne samanheng, for Cuba heldt fast ved samfunnssystemet sitt etter samanbrotet i aust. Kleven skriv heller ikkje stort om dei landa i den tredje verda som plasserte seg i den sosialistiske leiren etter avkolonialiseringa i Afrika og Asia. Såleis kan ein seie at han har eit i hovudsak eurosentristisk perspektiv. Eg held dette likevel for å vere ei fornuftig avgrensing; stoff- og emnetilfanget hans er uansett enormt, og avgrensing er nødvendig i slike samanhengar.

Den første tida til dei nye folkedemokratia var ikkje nokon stagnasjonsperiode, men det var sjølvsagt ei brytingstid; halvføydale strukturar skulle omdannast til gryande sosialistiske samfunn. Men optimismen var stor i dei første etterkrigsåra; det skulle byggjast ei ny og lysare framtid etter dei tunge krigsåra under nazistisk åk. Men snart skulle Stalin komme til å stramme grepet og presse landa inn i ei tvangstrøye som ikkje høvde i forhold til desse samfunna sin historiske bakgrunn og særtrekk elles. SUKP påtok seg her rolla som ”far” og ”storebror”; det var aldri tvil om kven som var ”sjefen” og som hadde det siste ordet. I 1953 døydde Stalin. Og i 1956 tok Krustsjov eit nådelaust, om enn halvhjarta, oppgjer med forgjengaren. Men SUKP si leiarrolle levde vidare. Det kom også til opprør i fleire av desse landa; i DDR, Ungarn, Polen, Tsjekkoslovakia og Polen. Desse vart slått ned med hard hand. Likevel skjedde det også ei positiv utvikling i desse landa. Dei markerte seg som antiimperialistiske (med støtte til frigjeringsrørsler i koloniane), støtta opp om kampen mot krig og for nedrusting, utvikla produktivkreftene og innførte ein progressiv velferdspolitikk. Men demokratiunderskotet var påtakeleg, trass i at dei hadde lagt bak seg si halvføydale og fascistiske fortid. Kleven følgjer fleire av desse landa fram til samanbrotet i 1989/90. Kleven sine vurderingar av leiarane i Austeuropa varierer noko; dei får ulike ”terningkast”. Særleg vert dei tjekkiske ”reformkommuistane” verdsette. Erich Honecker vert ikkje sett særleg høgt, og heller ikkje Walter Ulbricht. Men sistnemnde utvikla seg i positiv retning siste del av leiarperioden; han markerte større sjølvstende enn før i forhold til SUKP og stalinismen.

Heller ikkje Stalin sine år som øverste leiar i Sovjetunionen etter krigen var prega av økonomisk stagnasjon, jamvel om hardstyret heldt fram. Åra under Khrustsjov var merkt av jamn økonomisk framgang, og USA og Sovjet framsto i stadig større grad som likemenn – økonomisk, teknologisk, militært og på andre måtar. Amerikanarane fekk sitt Sputnik-sjokk. Det kunne sjå ut som det berre var eit tidsspørsmål før Sovjetunionen ville overta verdshegemoniet. Likevel viste dette seg å vere ein ”punktøkonomi”; bragdene på utvalde område sto ikkje i forhold til landet si tilbakeliggjande stilling på andre område. Khrustsjov si fremste bragd var likevel oppgjeret med Stalin. Dette var mildveret (”tøværet”) frå aust, som også smitta over til den internasjonale kommunistrørsla. Ny optimisme og framtidsvon, men også sjokkerande for dei som heile sitt liv hadde trudd at Stalin var feilfri. Det var likevel eit halvoppgjer som helst avgrensa seg til personkultusen kring Stalin og overgrepa hans. Det var ikkje nokon systemkritikk som peikte mot eit nytt sosialismekonsept. I Sosialistisk fremtid 4/2010 tek Aslak Storaker for seg Khrustsjov sin kamp mot stalinismen i ein lengre artikkel.

Stagnasjonsperioden set vel først inn når Bresjnev overtek ”roret, og vedvarer heilt fram til oppløysinga i 1989/1990. Men i Bind II vert altså den siste tida under Stalin og Khrustsjov-perioden utførleg omtalt. Difor kan bindoverskrifta Fra stagnasjon til perestojka verke noko misvisande for heile boka. Bresjnev-perioden innebar ei restalinisering og ei generell tilstivning av det meste i Sovjetunionen. Det var ei tid då det demokratiske underskotet vart større. Det var definitivt ikkje ei tid for nytenking. Under Bresjnev blomstra suksesspropagandaen og dei svulstige talemåtane, og også dekadanse og moralsk forfall. Det gjev inntrykk å lese om Bresjnev sitt overdådige luksusliv, stivsinn og arroganse. Khrustsjov, som hadde sytt for å få han ”opp og fram”, vart ein persona non gratia, ein ikkje-person.

Med Andropov som ny leiar vart det tent ei ny von. Han vert framstilt som ein intelligent og klok politikar som verkeleg prøvde å få i stand reelle og djupe endringar. Men han døydde berre kort tid etter at han overtok. Den same lagnaden fekk etterfølgjaren, Tsjernenko, som snarare var ein Bresjnev-figur utan vilje og evne til å få landet på rett kjøl att. Men no var det Gorbatsjov sin tur. Som eit friskt vindpust overtok denne ”ungdommen” (54 år) som generalsekretær i SUKP. No var tida inne til eit generaloppgjer med tidlegare synder og misgrep – og vanstyre. Han lanserte prinsippa om perestrojka (omdanning, omstrukturering) og glasnost (openheit). På mange måtar kunne denne vendinga minne om det som skjedde då Khrustsjov overtok – det vart tent ei ny von om ein ny ”vår” for sosialismen og den kommunistiske verdsrørsla. Nytt mildver! Kleven gjev myke omtale av SUKP sin 27. kongress i 1985 og beretningsføredraget på denne kongressen. Han vurderer Gorbatsjov positivt, men undrast også over kor ukritiske mange kommunistar var under den første Gorbatsjov-euforien. I ettertid kan ein jo slå fast at han snarare vart oppløysinga sin mann enn løysinga sin mann. Dei allmenne talemåtane hans, og den manglande konkretiseringa, skulle ha mant til ettertanke. Men når det gjeld Gorbatsjov og rolla hans er Kleven først og fremst spørjande og undrande. Og dette er jo helst tema i det tredje bindet. Då eg støytte på ordet kontrarevolusjon i denne samanheng, svatt eg til. Men eg roa meg snart ned. Kleven høyrer sjølvsagt ikkje til dei som omtalar Gorbatsjov som kontrarevolusjonar; det er tida etterpå (under Jeltsin) som vert kjenneteikna slik. Men blant dei mest forbeina stalinistar vert både Khrustsjov og Gorbatsjov rekna som kontrarevolusjonære svikarar.

Somme lesarar tykkjer kanskje at det vert vel mykje om personar her. Men leiarfigurar kan vere nyttige navigagasjonspunkt i periodiseringa av historia sin gang. Ein omtale av konkrete personlegdommar gjer også historiske framstillingar meir lesverdige; det krydrar framstillinga. Og personlegommen kan også spele ei viss rolle i historia, noko Kleven kommenterer nærare i eit delkapittel. Men boka får aldri noko ”Se og Hør-preg”, og Kleven er sjølvsagt merksam på at ein må lodde djupare. Og djupt loddar han. Sett frå min faglege ståstad synest eg elles at det er spennande og utfordrande at Kleven også drøftar sosialpsykologiske og etiske problemstillingar.

Som nemnt handlar også denne boka i stor grad om Stalin og stalinismen, sjølv om vinklingane her til dels er noko annleis; det er meir tale om Stalin-effektane på dei andre realsosialistiske landa og i den internasjonale kommunistrørsla og etterverknadene av Stalin sin politikk og restaliniseringstendensar i Sovjetunionen. Bokverket får stadig meir karakter av å vere eit djupt og breispektra generaloppgjer med stalinismen. Og her gjeld ikkje ”stalinisme” berre Stalin sitt ”verk” i hans styringstid, men stalinisme som politisk ideologi og praksis, til og med mentalitet, i vid forstand. Som andre kommunistar er Kleven ikkje blitt ein fråfallen; han er framleis marxist og kommunist. Men han prøver å skilje ut det som har vist seg å ikkje vere levedyktig i realsosialismen, og dette kallar han altså stalinisme. Underteikna deler eit slikt synspunkt. Men eg trur at vi også må distansere oss frå ein del andre fenomen under realsosialismen; Kleven er sjølv inne på fleire slike aspekt. Vi kan ikkje leve vidare med eit teoretisk konsept som framstår som eit lukka system av dogmer; vi må forhalde oss til kjensgjerningar og den verkeleg verda. Vi må også trekke vekslar på nyvinningar innanfor moderne natur- og samfunnsvitskap og ta inn over oss nye utfordringar (til dømes miljøproblema). Når avviket mellom retorikk og den verkelege verda vert altfor stor, skulle dette vere eit alvorleg varselsignal. Røyndomsfjern suksesspropaganda svarer seg aldri i lengda. At samfunnet vert styrt av lovmessige forhold vil alle marxistar vere samde om, men dette utarta ofte til ein skråsikker og mekanisk spådomskunst med prediksjonar som ikkje tålte testen frå livet sjølv. Personleg trur eg også at den aggressive og dogmatiske ateismen i Sovjetunionen var eit primitivt blindspor. Eit materialistisk og rasjonalistisk grunnsyn tilseier at ein løftar fram vitskaplege tenkjemåtar og observasjonar og at ein kritiserer religiøse sin bruk av religionen til reaksjonære føremål og religiøse fordommar og overtru. Men religion i form av ein slags allmennreligiøsitet, til dømes av panteistisk slag, religiøse kjensler og ei undring over ”dei store spørsmåla i livet” trur eg ikkje let seg utrydde. Og det er vel neppe ønskeleg heller. Ein skulle heller fokusere på det religiøse og ikkje-religiøse har felles, på progressive trekk ved somme religiøse rørsler (jfr. til dømes frigjeringsteologien i Latinamerika og kvekarane sin krigsmotstand) og anna. Solidaritet og nestekjærleik kan vere to sider ved same sak. Alt snakket om ”det nye menneske” kan også ha vore mykje av eit blindspor. Elles er det neppe tvil om at det skjedde eit moralsk forfall i Sovjetunionen, og særleg i visse epokar. Til dømes har epidemiologisk forsking påvist at særleg den mannlege delen av det russiske folket har hatt, og har, eit enormt høgt alkoholforbruk, med tragiske sosiale og helsemessige konsekvensar. Særleg Andropov og Gorbatsjov innsåg dette, og prøvde å gjere noko med problemet. Det største problemet under realsosialismen var likevel mangel på reelt demokrati, noko som langt på veg kan forklarast ut frå veike borgarleg-demokratiske tradisjonar. Anna tankegods og praksisformer som knapt er liv laga er eittpartistaten (i alle fall i vår del av verda), proletariatets diktatur og eitt sentrum i den internasjonale rørsla (eit leiande superparti). Når det gjeld konseptet om partiet si leiande rolle, så er dette i alle fall ikkje noko som kan proklamerast; det må ”dokumenterast” i praksis. Den demokratiske sentralismen kan nok vere tilforlateleg nok ”på papiret”, men det er ein krevjande partiteori/-modell som kan få katastrofale konsekvensar når dette ikkje vert praktisert på ein skjønsam, klok og etisk måte.

Når alt dette er sagt, må ein heller ikkje underslå dei positive sidene ved desse samfunna. Og Kleven underkommuniserer ikkje dette. Det sovjetiske folk sin innsats for å ”rulle” dei tyske nazitroppane attende under 2. verdskrig står her i ei særstilling. Støtte til frigjeringsrørsler som kjempa for nasjonalt sjølvstende under kolonitida må heller ikkje gløymast. Under realsosialismen vart også dei sosiale menneskerettane ivaretekne på ein god måte; alle var til dømes sikra arbeid, utdanning, gratis helsetenester, barnehage o.a. i DDR. Viktigast er likevel kanskje fredspolitikken, der Sovjetunionen og andre sosialistiske land støtt gjekk inn for fredeleg sameksistens, nedrusting og særleg motstand mot masseøydeleggingsvåpen. Overgangen til ei unipolar verd under leiarskap av USA har så visst ikkje vore noko framsteg for menneska, jamfør imperialistiske krigar og rasering av velferdsordningar som arbeidarrørsla har kjempa fram gjennom meir enn hundre år. Men med Kina sin eventyrlege økonomiske vekst ser vi at USA sitt verdshegemoni på nytt er truga.

Parallelt med lesinga av denne boka heldt eg på å arbeide meg igjennom ei anna ”mursteinsbok”, nemleg Sannhet og metode av Hans-Georg Gadamer. Gadamer står innanfor ein heilt annan intellektuell og politisk-ideologisk tradisjon enn Kleven. Det er likevel ikkje poenget her. Gadamer er kjent for sin hermeneutikk, særleg i forhold til historiefaget. Hermeneutikk gjeld fortolking, interpretasjon. I humanistiske og samfunnsvitskaplege fag kjem vi ikkje utanom fortolking; eitt og same data- eller stimulusmateriale vil alltid kunne tolkast på ulike måtar, mellom anna avhengig av kontektst og fortolkaren sin bakgrunn, perspektiv og anna. Difor går det ikkje an å skrive hundre prosent ”objektivt” og ”nøytralt” om eit emne som realsosialismen. Dette vert mellom anna tilkjennegjeve i språket. Talar ein om realsosialismen, og i så fall med eller utan hermeteikn? Eller vel ein å bruke andre nemningar? Kva for kjelder vert nytta, og kva vert ikkje brukt? Kva for tema vert fokusert, og kva vert utelate? Har ein sjølv vore involvert i det ein skriv om eller ikkje, og på kva for måte? Korleis plasserer ein seg tidsmessig i forhold til det ein granskar? Det har no gått 20 år sidan samanbrotet i aust; vi ser alt annleis på dette enn i dei første åra etter kollapsen. Kva har skjedd etter samanbrotet? Vi har fått ein kraftig sosial nedtur i dei landa dette gjeld, og finanskrise og sosial uro i Europa og andre stader. Korleis vil vi sjå på dette om la oss seie 50 eller 100 år? Og korleis ser dette ut frå ståstaden det styrtrike Noreg versus i eit fattig u-land? Og sjølvsagt vil dette bli vurdert annleis av ein marxist enn av ein politisk konservativ. Gadamer talar her om forståingshorisontar som vil variere frå person til person og mellom ulike samfunnsgrupper.

Hans I. Kleven sin horisont er merkt av at han sjølv har vore med i Norges Kommunistiske Parti i ei årrekke, som leiar, nestleiar og aktivt partimedlem elles. Han er no utmeld frå NKP, men er aktiv i Marxistisk Forum. Han har reist mykje i dei tidlegare realsosialistiske landa, og møtt mange leiande kommunistar i den internasjonale kommunistrørsla. Han har sysla med marxistisk teori frå unge år, har skrive ei rekke bøker og hefter om dette; han høyrer til dei fremste marxistiske teoretikarane i Skandinavia (sannsynlegvis den fremste). Som ung fekk han også merke ein type ukultur på kroppen i samband med Furubotn-oppgjeret som kan minne om den stalinismen som han tek for seg i boka. Han har sjølv vore, og er, ein sentral aktør i det universet han tek for seg i boka,

Med dette som utgangspunkt har han leita fram eit særs breitt kjeldetilfang, og han støttar seg også på viktig faglitteratur om emnet. I dei seinare åra har det nemleg blitt gjeve ut fleire bøker som analyserer og kastar nytt lys over realsosialismen si historie. Men desse bøkene, som Kleven har granska, er ikkje tilgjengelege for nordmenn flest avdi dei ikkje er omsette til norsk. Han tek utgangspunkt i kjensgjerningar; spekulasjon og luftig tankespinn er det ikkje plass for her. Han gjev ei solid framstilling av faktiske hendingar og hendingsforløp på ein objektiv og deskriptiv måte. Men her er også analyse og fortolking, gjerne fletta inn i teksten på ein naturleg måte. Og her er vurderingar og sjølvstendig stillingtaking, eigne meiningar. Ofte tek han elegante steg bakover i tid for å setje det observerte inn i ein historisk samanheng, og han kan også trekke inn aspekt ved vår eiga tid for å jamføre, kontrastere eller anna. Han trekker inn eige levd liv i politikken, gjerne med referanse til NKP, og gjer såleis framstillinga meir levande.

Eg har tidlegare peikt på nokre ”strukturelle” veikskapar ved boka når det gjeld oppbygging. Dokumenta bak i boka kan verke som eit kunstgrep, mellom anna avdi desse sprikar i mange retningar og spenner over eit langt tidsrom. Men desse dokumenta fortener likevel sin plass. Boka ville også tent på eit stikkords- og forfattarregister. Litteraturlista kjem først i Bind III, noko som kan vere problematisk for dei som berre har skaffa seg Bind I og/eller II. Boka kan verke noko ”tung”, omfangsrik som ho er. Og her er ingen bilete, tabellar eller liknande. Men dette er likevel heilt marginale innvendingar av overflatisk, triviell og redaksjonell karakter. Boka, som er skriven på eit radikalt bokmål, er lett å lese; ein treng ikkje ty til framandordboka eller leksikonet. For min eigen del var dette ei spennande bok, nesten som ein kriminalroman, jamvel om eg veit korleis dette endte. Realsosialismen kollapsa jo i 1989/90. Men det var så mykje som var nytt for meg her. Og eg er var spent på å lese korleis Kleven vurderte dei ulike hendingane, situasjonane, tilstandane, prosessane, personane og anna som han tek for seg i boka. Og ”fasiten”, om denne finst, ville eg ikkje studere før eg var ferdig med boka; ein smugles ikkje slutten av kriminalromanen! Difor opna eg knapt Bind III før eg var ferdig med Fra stagnasjon til perstrojka.

Men eg forventar altså ikkje å finne nokon ”fasit”, for Kleven er helst spørjande, undrande og analytisk. På eit visst plan trur eg ingen heilt forstår det dramaet som kulminerte i 1989/90. Korleis kunne dette skje? Det tyder likevel ikkje at vi ikkje kan nærme oss ei stadig djupare forståring av dette, ei forståing som det vil ta tid å nærme seg og fordøye. For Kleven, og mange med han, framstår dette helst som ei djup tragedie. Han er likevel ikkje noko ”hengehovud”, men fylt av ei djup overtyding om at sosialismen igjen vil bli ein samfunnsmessig realitet i verdsmålestokk. Vi treng då lærdommar, slik at gamle feil ikkje vert gjentekne. Men eitt er sikkert: Ein sosialisme for det 21. århundre må bli annleis; meir demokratisk, meir human. Og først og fremst må han ikkje vere merkt av stalinisme. Stalinismen var ingen feil, men eit brottsverk, for å sitere noko Kleven uttalte i ein annan samanheng. Også i dag finst det lyspunkt som kommunistar og sosialistar bør merke seg. Eg har alt nemnt at den nordamerikanske verdsdominansen ser ut til å vere på vikande front. Latinamerika er i ferd med å kvitte seg med yankee-imperialismen, og somme land i regionen er jamvel i ferd med å stake ut ein sosialistisk utviklingsveg. USA og Sovjetunionen nådde nyleg fram til ein nedrustingsavtale som inneber reduksjon av dei kjernefysiske arsenala med ein tredjepart, og Obama har slått til lyd for ei atomvåpenfri verd, og har såleis (verbalt) slutta seg til eit gammalt krav frå dei realsosialistiske landa. Stalinismen er død, sosialismen og kommunismen lever – får vi tru! Desse orda er skrivne den siste dagen i år 2010; då må det vere lov å vere optimistisk på vegner av ein sosialisme for det 21. århundre!

 

Bind 3: Frå perestorjka til oppløysing

I denne bokomtalen skal eg ta for meg den tredje boka, Fra perestrojka til oppløsning, i Hans I. Kleven sitt trebindsverk Hva og hvorfor? Refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den kommunistiske verdensbevegelse og i Sovjetunionen. Eg viser i den samanheng til bokomtalane mine i Sosialistisk fremtid av dei to føregåande bøkene til Kleven, Fra Lenin til Stalin og Fra stagnasjon til perestrojka. Den siste boka er den lengste (680 s.). Her får vi også samla vurderingar av samanbrotet og den aktuelle og historiske bakgrunnen for dette.

Som eg tidlegare har skrive, er det vanskeleg å gje ein omtale av desse bøkene utan å øve vald mot ein komplisert røyndom og forenkle Kleven si framstilling. Dette skuldast for det første det veldige emneområdet som boka, og bøkene, tek for seg, og for det andre har det samaheng med forfattaren sin kompetanse på området. Denne anmeldaren kjem ikkje i nærleiken av å matche denne innsikta og kunnskapsrikdommen når det gjeld Sovjetunionen og den internasjonale kommunistrørsla si historie. Det er såleis med stor audmjukskap eg skriv denne omtalen. Den beste utvegen kan då vere å gjere greie for kva Kleven skriv om, og å oppmode lesarane om å gå til dette trebindsverket sjølve. Men heilt vurderingsfri vil bokomtalen likevel ikkje bli.

I innhaldslista står oppført 10 kapittel. Det første ber tittelen Etter kongressen. Partikongressen er sjølvsagt den 27. partikongressen. Gorbatsjov er no kommen til roret som partisekretær for SUKP; som sidemann har han statsminister Rysjkov. Bresjnev-perioden er over, og likeins dei to kortvarige mellomspela med Andropov og Tsjernenko. Vi står ved starten på det som skulle bli ein ny æra, med glasnost og perestrojka. Det råder ein viss optimisme i dei realsosialistiske landa og den internasjonale kommunistrørsla, etter lange år med motgang. Den karismatiske Gorbatsjov synest å innevarsle eit nytt mildver (”tøver”), eit oppbrot frå stagnasjon og fastlåste strukturar. Det er ein ny giv som innevarslar ny von for progressive menneske over heile verda. Men slik skulle det altså ikkje gå…I dette kapitlet går Kleven kronologisk til verks; han tek for seg år for år, f.o.m. 1985 t.o.m. 1990. Bind III tek altså for seg ein mykje kortare tidsperiode enn kva tilfellet er i dei to forrige bøkene. Han byggjer her på eit variert og omfattande kjeldemateriale; særleg er dette notat frå møte (tidlegare var det uhøyrt at det vart teke slike notat, no vart dette annleis), formelle protokollar/referat, ymse talar, programutkast, ”beretningar” og anna. Metoden vert her dokumentanalyse.

På ein måte kan ein seie at trebindsverket står på to bein: Dokumentasjon og refleksjon. I dette første kapitlet er det dokumentasjonen som dominerer, og det er mindre av refleksjon. Det er ei deskriptiv og objektiv, faktaorientert, framstilling av kva som faktisk skjedde i desse åra. Ei rekke ulike emne vert tangerte, som nøkkelomgrepa/-prinsippa glasnost og perestrojka, bakgrunnen for den nye tenkinga, den internasjonale kommunistrørsla, tilhøva til dei andre realsosialistiske landa, kaderpolitikk, Afghanistanspørsmålet, økonomiske problem, landbruket, lovverket, nedrusting, forholdet til dei kapitalistiske landa, oppgjer med stalinismen, tilhøvet til dei andre sovjetrepublikkane og personspørsmål knytt til det øverste leiarskapet. Vi møter den lunefulle, svikefulle, slu og brutale ”pitbullen” Jeltsin, som skulle komme til å bli ein sentral aktør i samband med samanbrotet, men også dogmatiske bremseklossar. Det første kapitlet framstår som nokså lite i innhaldslista, men utgjer likevel nærare ein halvdel av boka. Kapitlet vert avslutta med nokre lauslege notat som språkvaskarane skulle ha luka bort (s. 311-312). Det første kapitlet gjev særs verdifull dokumentasjon av dei viktigaste hendingane og prosessane i den aktuelle perioden.

Det andre kapitlet tek for seg SUKP sin 28. og siste kongress i 1990. No var stemninga ei anna. Oppløysinga var alt ein realitet i dei austeuropeiske landa. Den økonomiske tilbakegangen var ikkje stoppa, og den folkelege motstanden mot styresmaktene var stor. Dei vonene som var knytt til glasnost og perestrojka var ikkje innfridde, og folket og jamvel leiarskiktet i SUKP var desillusjonerte. Det hadde ikkje lukkast å forandre eit tungrodd og fastgrodd økonomisk system. Dokumenta som vert presenterte er fulle av proklamasjonar frå Gorbatsjov og andre: ”Vi må, vi må, vi må…”. Men dette vart tomme ord; den gjenstridige røyndommen vart verande som før. Det vart teke eit nytt generaloppgjer med stalinismen. Det vart føreslått endå djervare økonomiske reformer, der sosialistisk marknadsøkonomi for alvor vart lansert som den nye ”vidunderkuren”. Sovjetrepublikkane skulle få ei friare stilling innanfor ein føderasjonsliknande struktur, eller kanskje til og med ein konføderasjon (endå lausare). Også dette var ein kongress i fornyinga sitt teikn – for demokratisk og human sosialisme. Men det skulle komme til å gå annleis… Alarmklokkene var merkbare for alle, den euforiske vårstemninga var borte og mismotet og desillusjoneringa var ein realitet. I kapittel 3, Partiet og landet etter den 28. partikongress, gjev Kleven ein omtale av organisatoriske tiltak for å iverksetje marknadsreformer i økonomien, og arbeidet med ein ny unionsavtale. Men det viste seg å vere uråd å få skuta på rett kjøl, særleg når det galdt økonomi. I det neste kapitlet, Unionen, skildrar Kleven korleis republikkane gjekk sine eigne vegar. Særleg viste det seg å vere uråd å stoppe utviklinga i Baltikum. Desse statane har si eiga særskilde historie, og dei sentrifugale kreftene var ekstra sterke der. I dei sentralasiatiske republikkane var motstanden mot unionen langt veikare. Men unionen var alt dødsdømt; oppløysinga skulle snart bli ein realitet.

I det femte kapitlet, Sammenbruddet, vender Kleven seg helst til DDR, men gjestar også andre austeuropeiske land. Det hadde jo ulma lenge i land som Ungarn, Polen og Tsjekkoslovakia. I Romania hadde det vore meir roleg, men landet hadde markert avstand frå Sovjetunionen. Jugoslavia og Albania hadde gått sine eigne vegar. Den mest lydige ”eleven i klassen” hadde vore Bulgaria. Også i DDR hadde det vore uro, men Honecker var lenge ytterst lojal mot Sovjetunionen og slo hardt ned på dissidentar internt. Men Honecker vart avløyst, og nye krefter overtok. To sentrale namn var her Mowrer og Krentz. Kleven skriv derimot relativt lite om sjølve samanbrotet i Sovjetunionen; den dramatiske tida like før, under og etter at Gorbatsjov laut forlate roret. Vi minnest til dømes augustkuppet og Jeltsin si brutale overtaking av makta. Kleven skriv noko om åra og tiåra etter samanbrotet, med innføringa av ein særs rå og vulgær kapitalisme i landet, med sosial nedtur og framvekst av styrtrike oligarkar. Men omtalen er her noko knapp; dette ligg noko på sida av tematikken i boka. Det er trist å lese om oppløysinga av Comecon, og særleg om Cuba sin reaksjon på dette. Landet sin utsending, Carlos Rafael Rodrigez, hadde tårer i augo då han sa til Modrow: ”I vårt folk vil ei slik utvikling av Comecon få slemme virkninger”.

Kapittel 6 har fått tittelen Gorbatsjov. Kven var denne mannen? Vi får ikkje noko fullstendig svar, og eg saknar her noko meir av biografiske opplysningar. Men eitt er sikkert: Han vart ikkje løysinga sin mann, men snarare oppløysinga sin mann, for å seie det med Kleven. Mykje av glansen ved han er borte i den internasjonale kommunistrørsla, men han har sjølvsagt ei høg stjerne blant dei som ønskte at det skulle gå slik som det gjorde i den ”vestlege” verda. I Russland er han i dag lite omtykt, medan Stalin (utruleg og tragisk som dette er) har hatt (og har?) ei stigande stjerne. Somme kommunistar held han for å vere ein revisjonistisk svikar. Dersom eg forstår Kleven rett, meiner han at tida no er inne til å vurdere mannen på ein realistisk og kritisk måte. Han meiner sjølvsagt ikkje at Gorbasjov hadde ein medviten plan, som gjekk ut på å demontere sosialismen. Men dette vart jo ein utilsikta konsekvens av politikken hans. I dag har han konvertert til sosialdemokratiet. Kleven sitt syn er vel helst at han var ein ærleg demokrat og humanist – og kommunist – som vart teken av ”raset”, av mektige krefter som han ikkje rådde med. Men i dette spørsmålet oppfattar eg Kleven slik at han inntek ei open og undrande holdning. Uansett hadde realsosialismen utvikla seg på ein slik måte at noko måtte gjerast (særleg gjeld dette økonomien), men Gorbatsjov mislykkast altså. Ein veikskap med glasnost og perestrojka, slik dette vart utlagt av Gorbatsjov, var at dette vart framstilt på ein abstrakt og allmenn måte med underutvikla konkretisering. Han åtvara mot egalitarisme og likskapsmakeri, og argumenterte for større lønsdifferensiering. Dette kunne kanskje vere på sin plass i Sovjetunionen (?), men verkar lite tiltalande på kommunistar og sosialistar som står arbeidarklassen nær. Var det eit nytt meritokrati han ønskte? Og den hjartelege mottakinga i Storbritannia (Thatcher), USA (Reagan) og Tyskland (Kohl) styrkte han vel heller ikkje i kommunistar og sosialistar sine augo; snarare vekte vel dette heller ein viss mistanke. Han vart stadig meir oppteken av allmennmenneskelege verdispørsmål, som er viktige nok, men ignorerte klassespørsmåla. Gorbatsjov var ein mann med ein uvanleg karisma og sjarm. Alltid ordrik; ein framifrå retorikar. Men dette viste seg å ikkje vere nok når det røynde på. Ein minnest elles uttrykket ”tomme tønner romlar mest”.

I kapitlet Måtte det gå som det gikk? spør Kleven om samanbrotet var uunngåeleg. Svaret er vel helst negativt. Oppløysinga var ikkje gjeve på førehand, og det vart gjort subjektive feil som medførte at det gjekk som det gjekk. Men uunngåeleg var ikkje dette. Og dei viktigaste forklaringane ligg lengre attende i Sovjetunionen si historie. I kapitlet Den internasjonale kommunistiske bevegelse og SUKP vender Kleven blikket mot den verdsomspennande kommunistrørsla. Samanbrotet fekk sjølvsagt katastrofale konsekvensar for dei andre kommunistpartia. I Austeuropa finst det knapt ”oppegåande” kommunistparti igjen, dersom ein ser bort frå Tsjekkia. Men eit lyspunkt er die Linke i Tyskland. Mange kommunistparti vart skadeskotne også utanfor Comecon-området. Forfattaren stiller seg kritisk til SUKP si leiarrolle og interpretasjonsmonopol. På slutten viste SUKP heller ikkje særleg omsut for dei austeuropeiske søsterpartia sin lagnad. I samband med samanslåinga av DDR og Vesttyskland, meiner han at Gorbatsjov på mange måtar svikta førstnemnde land og forhandla seg fram til ei løysing ”på kammerset” saman med Helmut Kohl; DDR vart lagt ut på billegsal. Han burde heller ha arbeidd for ein alliansefri tysk konføderasjon, der det beste i DDR-modellen kunne få leve vidare. Men dette var kanskje lettare sagt enn gjort. Det er ikkje lett å sale ein ridande hest, som det heiter i eit russisk ordtak.

Boka vert avslutta med Dokumenter, ei samling av særs interessante skrifter som elles (stort sett) ikkje har vore tilgjengelege for norske lesarar. Det er særleg tale om ulike program, programutkast, resolusjonar, fråsegner og vurderingar frå leiande personlegdommar i kommunistrørsla, som Egon Krentz, Harald Neubert og Werner Eberlein. Det er mitt inntrykk at det er tyskarane i die Linke som er komne lengst i den nødvendige polititiske vareopptellinga. Kva var levedyktig i den gamle sosialismemodellen, og kva lyt forkastast som mislykka og uakseptabelt? Her kunne Kleven med fordel ha kommentert utvalet av dokument i denne samanheng. Kva for kriterier nytta han for å ta med, og halde utanfor, dokument?

Men før Dokumenter kjem den aller mest spennande delen av boka, Slutninger. For dette er ikkje berre ei bok som dokumenterer; det er også ei bok som gjev rom for refleksjonar. Refleksjonar finn vi elles i heile boka (og i dei to tidlegare binda). Kleven kommenterer undervegs. Stundom kunne det ha blitt skilt skarpare mellom vurderingar og den øvrige omtalen, til dømes ved å variere skrifttype eller at han på andre måtar kunne ha gjort dette meir eksplisitt. Men kva for slutningar trekker Kleven? For det første held han Oktoberrevolusjonen for å vere ei verdshistorisk hending som vanskeleg kan undervurderast. Det lykkast å skape eit sosialistisk samfunn, og dette ”forsøket” varte i heile 70 år. Pariskommunen var også eit vendepunkt, men varte berre nokre månader. Oktoberrevolusjonen gav utbytta og undertrykte menneske over heile verda von om at ei ny og betre verd var mogeleg. Kleven drøftar elles om det er rett å kalle dette for eit ”forsøk”, og om det verkeleg var sosialisme under realsosialismen. Dersom svaret vert ”nei”, så vert vel elles ”realsosialismen” ei feilaktig nemning. Dersom eg (igjen) forstår Kleven rett, så meiner han at hovudårsaka ligg i den stalinistiske utforminga av det nye samfunnet og det manglande oppgjeret med denne arven. Dersom Khrustsjov sitt oppgjer med stalinismen hadde blitt gjennomført meir fullstendig og konsekvent, og dersom dei tsjekkoslovakiske reformkommunistane sitt program, og Gorbatsjov sin glasnost og perstroja hadde blitt verkeleggjort, kunne sosialismen ha blitt berga. Oppløysinga skuldast ikkje glasnost og perestrojka, men kom snarare på trass av dette. Men Gorbatsjov sine reformer kom altfor seint. Meir konkret framheld Kleven at realsosialismen mislykkast på to punkt. For det første var det tale om eit demokratiunderskot (for å seie det mildt), noko som kan forståast på bakgrunn av at sosialismen vart innført i eit økonomisk særs tilbakeliggande land utan borgarleg-demokratiske tradisjonar. For det andre mislykkast desse landa med å heve arbeidsproduktiviteten opp på eit akseptabelt nivå. Dei vestlege landa viste seg å vere overlegne Sovjetunionen/Austeuropa i så måte, og dette var også samanlikningsgrunnlaget for innbyggjarane i desse landa. (Dersom dei hadde samanlikna seg med naboland som Tyrkia, Iran eller Afghanistan, ville dette sett annleis ut, men dette fall ikkje naturleg). Og dei sosiale velferdsordningane under realsosialismen vart etter kvart opplevde som noko sjølvsagt. Etter samanbrotet skulle dei få røyne noko anna, men då var det for seint… Personleg meiner eg at den økonomiske stagnasjonen, som særleg har samanheng med at Sovjetunionen og dei andre realsosialistiske landa ikkje meistra overgangen frå ekstensiv til intensiv produksjon, spela ei avgjerande rolle i denne samanheng. Ein minnest Bill Clinton sine ord: ”It is the economy, stupid”. Men årsaksanalyse er ikkje enkelt; vi talar jo ikkje berre om årsaksvariablar, men også om bakanforliggjande, betingande, mellomliggjande og medverkande årsaksvariablar o.a. Og slikt må sjåast i eit prosessuelt og interaksjonistisk perspektiv; ulike tilhøve verkar saman over tid og frambringer såleis ein viss effekt. Einfaktorforklaringar er ikkje alltid tilstrekkelege; røyndommen er multideterminert, og det er eit samspel over tid mellom ulike faktorar. Og: Finst det også eit element av det uføreseielege? Finst det tilfeldige forhold som også verkar inn? Er alt forståeleg (på det noverande tidspunkt)? Er det somt som vi manglar eit språk for å forstå? Kleven peikar på ytre åraker til at det gjekk som det gjekk; handelshindringar, politisk press og motarbeiding, at landet vart ”rusta i hel” og liknande. Men han meiner at dei viktigaste årsakene må søkast i indre forhold. Sovjetunionen fall såleis hovudsakleg for eige grep. Og årsakene var både av subjektiv og objektiv karakter. Morgondagens sosialisme lyt sjå annleis ut og vi må lære av deformasjonane og feilgrepa. Men somme historikarar har peikt på at ein sjeldan kan lære av historia direkte, for neste gong ser verda kanskje heilt annleis ut, og gamle lærdommar kan då ha avgrensa verdi. Det er elles slik at historia ikkje går på skinner; somme marxistar har, med tilvising til det lovmessige, hatt ei altfor deterministisk, skjematisk og abstrakt tilnærming. Stundom trassar utviklinga (det som Gorbatsjov omtalte som ”livet sjølv”) desse lovene og utviklingsskjemaa, og kommunistar har stundom vore lite kreative og tilpassingsdyktige. Eit døme kan vere den kubanske revolusjonen, då kommunistpartiet meinte at tida for revolusjon ikkje var inne. Og etter ”læreboka” var vel dette korrekt. Men dersom det opnar seg ei dør, skulle ein snarare gå inn. Spontanisme er eit blindspor, men også stivbeint og dogmatisk læreboktilnærming.

Kleven gjer seg refleksjonar om utviklinga i Kina. Der sit kommunistpartiet framleis med makta, og landet har ein eventyrleg økonomisk vekst. Men det står smått til med demokratiet, og kapitalismen har vunne innpass. Men kan hende er dette ein overgangsfase; kinesarane tenkjer i lengre baner. Men kanskje er ”ånda sleppt ut av flaska”. Går det nokon veg frå Kina sin NEP-politikk og attende til sosialismen, eller er dette snarare ei einvegskøyrd gate?

Kleven nemner som eit lyspunkt utviklinga i Latinamerika. Her har fleire land slått inn på ein sosialistisk utviklingsveg. Han rosar også Cuba, som held fast ved sin veg til sosialisme. Kubanarane skapte sin eigen revolusjon, og har stelt seg slik at dei har folket si tillit Men her kan vel også kulturskilnader ha ein del å seie. Slike kulturelle faktorar har vore lite analyserte i samband med samanbrotet i Sovjetunionen/Austeuropa. Elles finst det framleis kommunistparti som har vind i segla, og som kom igjennom samanbrotet utan særlege skadeverknader. Eit døme er her Japans kommunistparti, som uttalte at dei hadde analysert realsosialismen så grundig at omveltingane ikkje kom som noko sjokk. Kleven nemner ikkje dette dømet. Det er her tale om eit parti i eit høgt utvikla og borgarleg-demokratisk samfunn. Dessverre er underteikna sitt kjennskap til dette partiet nokså avgrensa, men det har bra oppslutning ved val og er respektert i vide krinsar i Japan.

Elles har jo utviklinga under kapitalismen slett ikkje vore smertefri etter realsosialismen sitt samanbrot. Vi har fått ei finanskrise som har skaka verdsøkonomien. Og klassekampen er langt i frå død. Medan eg skriv dette kan vi sjå TV-bilete av veldige opprør i land som Tunisia og Egypt., og det er tale om sosiale opprør med protestar mot massearbeidsløyse, stigande matvareprisar og liknande. Men det er også politiske opprør mot undertrykking og krenking av menneskerettane. Dette vil sjølvsagt ikkje utvikle seg til sosialistiske revolusjonar; det er vel snarare borgarleg-demokratiske omveltingar. Men nokon ”end of history” (Fukuyama) reprenterer sjølvsagt ikkje samanbrotet i Sovjetunionen og Austeuropa. Dette er sjølvsagt Kleven merksam på.

Samanbrotet kom som eit sjokk på kommunistar og venstresosialistar over heile verda. Kven kunne ha tenkt seg noko slikt på førehand? Jamvel i dag lyt nok mange klype seg i armen og spørje om dette verkeleg har skjedd. Var det ikkje heller ein vond draum? Høgrekrefene jubla sjølvsagt, men progressive menneske spurde seg snarare kva dette ville få å seie for striden for eit meir rettferdig samfunn. Under realsosialismen var det innført velferdssordningar som må framstå som nærast paradisiske frå eit u-landsperspektiv, og som vi heller ikkje finn i dei utvikla kapitalistiske landa. For underteikna sin del verdsette eg mest Sovjetunionen/Austeuropa som ei antiimperialistisk kraft og også som ein pådrivar for fred og nedrusting. Kva skal ein samanlikne samanbrotet med metaforisk? Med Titanic, som rende inn i eit isfjell? Åtvaringar vart ignorerte, skipet hadde defektar og det var for tungt til å snu når isfjellet vart oppdaga. Eller ein demning som brest, etter at vedlikehald har blitt forsømt og sprekkdanningar har blitt oversett? Eller kanskje ei elv som veks seg så stor at ho finn eit nytt elveleie? Eller kanskje ei seglskute som driv for ver og vind på opprørt hav, og som til slutt forliser som følgje av storm, veikskapar ved skuta eller mannskapet si dugløyse, til dømes når det gjeld navigeringskunst? Men det utenkjelege skjedde, og folket protesterte ikkje. Arbeidarklassen forsvarte ikkje folket sin eigedom og revolusjonen (som Kleven meiner skuldast mellom anna framandgjering, som skulle vere eit framandelement under sosialismen). Det førekom ”sluring på kløtsjen”, men spørsmålet er om ikkje defekten var større enn det. Kan hende var det sjølve drivakslingen som svikta (slik eg sjølv opplevde med eigen bil på den tida då eg las boka!). Korleis kunne dette skje? Spørsmålet vert: Har vi skore djupt nok? Har vi stilt alle spørsmåla her? Har vi stilt dei rette spørsmåla? Har vi trekt dei nødvendige lærdommane?

Kleven sitt trebindsverk er først og fremst eit generaloppgjer med stalinismen. Det er mykje her ”hunden ligg gravlagd”. Og eit slikt oppgjer trengt og må haldast ved like. Forståinga hans av kva stalinisme er, er det ikkje vanskeleg å slutte seg til. Men dessverre vert dette omgrepet også brukt av fiendar av sosialismen, som gjerne vil bruke ordet til å etikettere og stigmatisere heile venstresida. Dette er eit misbruk av ordet, som er fjernt i forhold til Kleven sin bruksmåte. Han står framleis fjellstøtt på sosialismen og kommunismens grunn, men vil ha ein demokratisk og humanistisk sosialisme, reinsa for stalinisme og anna udemokratisk autoritarianisme. Dei tre binda er likevel noko langt meir enn eit oppgjer med stalinismen. Det er, trass i nokre mindre formelle (formalistiske?) innvendingar av redaksjonell karakter, eit ruvande storverk som matchar Den herskende klasse, eit stort bokverk som Kleven tidlegare har skrive. Den samla skriftlege produksjonen til Kleven er enorm, og han lyt reknast som den fremste marxistiske teoretikaren i Skandinavia. Eg veit ikkje om ein einaste person i Skandinavia som kunne ha skrive ei slik bok, som stiller så store krav til kunnskapar om historie, sosialistisk teori, økonomi og samfunnsvitskap meir allment. Kleven har sjølv vore aktør i den kommunistiske rørsla – han kjenner rørsla frå innsida, både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg har han språkkunnskapar som gjev tilgang til den mest relevante litteraturen på dette området. Og han har eit nettverk som også har komme vel med. Kleven har her skrive sjølve standardverket om samanbrotet i Sovjetunionen/Austeuropa og den kommunistiske rørsla. Ein imponerande dokumentasjon og kloke refleksjonar! Difor skulle bokverket studerast av flest mogeleg. Ein kan innvende at dette er ei bok (bøker) for spesielt interesserte, men i Noreg og internajonalt er det mange som skulle ha interesse av dette. Han gjer det motsette av det mange andre med tilknyting til denne rørsla har gjort; han unnvik ikkje vanskelege spørsmål, han gjer det ikkje enkelt for seg sjølv ved å velsigne eller fordømme glasnost og perestroja/Gorbatsjov (skyttegravsstrategien), han tabuiserer ikkje dette ved å la vere å forhalde seg til det. Tvert i mot går han tungt inn i dette emnet og prøver å sjå sanninga i kvitauget, nådelaust og ærleg. Og alltid analytisk og ved å byggje på den best tilgjengelege empiri. Difor burde boka ha blitt omsett til (i alle fall) tysk, engelsk og russisk. Det kan vel by på vanskar, men boka burde i alle fall marknadsførast også i Sverige og Danmark, der det sikkert finst større miljø enn i Noreg som vil finne bokverket interessant og fruktbart. Kleven fortener takk og honnør for desse tre bøkene!
Kleven, Hans I. (2007). Hva og Hvorfor? Refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den kommunistiske verdensbevegelse og i Sovjetunionen. Del 1: Fra Lenin til Stalin. Oslo: Marxist Forlag.

Kleven, Hans I. (2010). Hva og Hvorfor? Refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den kommunistiske verdensbevegelse og i Sovjetunionen. Del 2: Fra stagnasjon til perestrojka. Oslo: Marxist Forlag.

Kleven H.I. (2010). Hva og hvorfor? Refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den kommunistiske verdensbevegelsen og i Sovjetunionen. Del 3: Fra perestrojka til oppløsning. Oslo: Marxist Forlag.

 

Reklamer

One Comment

  1. En kort, men viktig påpekning til sammenbruddet av Sovjetunionen:

    1. Historikernes oppgave er å beskrive og forklare utviklingen av Sovjetunionen fra 1917 og fram til kuppet i august 1991.

    2. Historikernes oppgave er også å beskrive og forklare den videre utviklingen av Russland etter det mislykkede kuppet i august 1991.

    3. Selvsagt skal historikerne også beskjeftige seg med å forklare hva som drev fram behovet for og gjennomføringen av kuppet i august 1991.

    Men kommunister må ta inn over seg at de som gjennomførte kuppet, hadde også ansvaret for det de satte i gang. Fasiten vet vi i dag, men alt for mange kommunister vil ikke ta denne erkjennelsen innover seg og trekke de nødvendige konklusjoner og lærdommer. Klevens undring, slik Underlid beskriver det, holder ikke. Nå er begge disse to døde og kan ikke forsvare seg, Men uansett har mange kommunister en smertefull prosess de skal igjennom, for mange, ser det ut som, er ikke villig til å foreta denne ransakelsen. Det kan man jo godt forstå, for den gjør vondt!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s