Lærdomar frå Libya: Korleis ein ikkje skal intervenere

Alan Kuperman

«Opprøret i Libya i 2011 var aldri fredeleg, men var væpna og valdeleg frå starten av. Muammar al-Gaddafi angreip ikkje sivile og tydde ikkje til omsynslaus maktbruk. Handlingane til NATO forlenga konflikten til det seksdoble og førte til minst ei sjudobling av tapstala, samtidig som dei forverra menneskerettsbrota, den humanitære lidinga, islamsk radikalisme og våpenspreiing i Libya og nabolanda. Om Libya var ein eksemplarisk intervensjon var den eit eksempel på fiasko,»  – skriv Harvard-forskaren Alan Kuparman.

Dei konvensjonelle oppfatningane er feil. Opprøret i Libya i 2011 var aldri fredeleg, men var væpna og valdeleg frå starten av. Muammar al-Gaddafi angreip ikkje sivile og tydde ikkje til omsynslaus maktbruk. NATOs intervensjon var ikkje i hovudsak innretta for å verne sivile, sjølv om den var inspirert av humanitære impulsar. Målet var heller å velte regimet til Gaddafi, sjølv med kostnaden av auka skade på libyarane.

Intervensjonen slo tilbake. Handlingane til NATO forlenga konflikten til det seksdoble og førte til minst ei sjudobling av tapstala, samtidig som dei forverra menneskerettsbrota, den humanitære lidinga, islamsk radikalisme og våpenspreiing i Libya og nabolanda. Om Libya var ein eksemplarisk intervensjon var den eit eksempel på fiasko.

Tre lærdomar. For det første, ver på vakt mot propaganda frå rebellar som søkjer intervensjon ved å feilaktig skrike om folkemord. For det andre, unngå å intervenere på eit humanitært grunnlag på måtar som honorerer opprørarar og derfor set sivile i fare, med mindre staten allereie angrip ikkje-stridande. For det tredje, stå imot tendensen i humanitære intervensjonar til å endre seg til regime-endring, som forsterkar farane for dei sivile.

Ein eksemplarisk intervensjon?

Mange kommentatorar har hylla NATOs intervensjon i 2011 som ein humanitær suksess for å avverje eit blodbad i den neste største byen i landet, Benghazi, og for å hjelpe til med å fjerne det diktatoriske regimet til Muammar al-Gaddafi. Desse talsmennene hevdar med det at intervensjonen demonstrerer korleis ein med suksess kan implementere eit humanitært prinsipp, kjent som ansvar for å verne (R2P – responsibility to protect). Dei øvste representantane frå USA til den transatlantiske alliansen erklærte at «NATOs operasjon i Libya har med rette blitt hylla som ein eksemplarisk intervensjon». Ei meir grundig vurdering avslører derimot at NATOs intervensjon slo tilbake: Den omlag seksdobla varigheita av borgarkrigen i Libya og minst sjudobla tapstala, medan den forverra menneskerettsbrota, dei menneskelege lidingane, den islamsk radikalismen og våpenspreiinga i Libya og nabolanda. Viss dette er ein eksemplarisk intervensjon er den eit eksempel på fiasko.

Fordreia forteljing

Den konvensjonelle forteljinga om konflikten i Libya og intervensjonen til NATO er villeiande i fleire nøkkel-aspekt. For det første starta ikkje Gaddafi valden i Libya ved å angripe fredelege demonstrantar, slik det har blitt rapportert i vestlege media. SN og Amnesty International har dokumentert at i alle dei fire libyske byane som først blei fylde av sivile konfliktar i midten av februar 2011 – Benghazi, Al Bayda, Tripoli og Misurata – vart valden faktisk innleia av demonstrantane.

Regjeringa responderte militært mot opprørarane, men angreip aldri sivile med overlegg og heller ikkje med «omsynslaus» maktbruk slik vestlege media påstod. Tidlege rapportar i pressa overdreiv dødstala med ein faktor på 10, med påstandar om «meir enn 2000 dødsfall» i Benghazi i løpet av dei første dagane av opprøret, der Human Rights Watch (HRW) seinare dokumenterte berre 233 dødsfall over heile Libya i same periode.

Ytterlegare bevis for at Gaddafi unngjekk å angripe sivile, kjem frå byen som i størst grad blei oppslukt av dei tidlege kampane, Misurata. HRW rapporterer at av dei 949 personane som blei skada der dei første sju vekene, var berre 30 kvinner eller barn. Dette betyr at styrkane til Gaddafi fokuserte nøye mot stridande. I den same perioden blei berre 257 personar drepne av befolkninga i byen på 400 000 – ein brøkdel mindre enn 0,0006 – som gjev ytterlegare bevis for at regjeringa unngjekk å bruke makt omsynslaust. Vidare utførte Gaddafi ingen «blodbad» i nokon av byane som styrkane hans vann tilbake frå opprørarane før NATO-intervensjonen – inkludert Ajdabija, Bani Walid, Brega, Ras Lanuf, Zawiva samt mykje av Misurata – så det var knapt nokon risiko for eit slikt utfall om han hadde fått lov til å ta tilbake Benghazi, den siste høgborga til opprørarane.

Den konvensjonelle forteljinga er også feil der ho hevdar at hovudmålet til NATO var å verne sivile. Bevisa avslører at det primære målet til NATO var å velte Gaddafis regime, sjølv på kostnad av å auke lidingane til libyarane. NATO angreip libyske styrkar omsynslaust, inkludert nokre på retrett og andre i Gaddafis heimby Sirte der dei ikkje utgjorde noko trugsmål mot sivile. Vidare heldt NATO fram med å støtte opprørarane sjølv då dei gong etter gong avviste tilbod om våpenkvile frå regjeringa, som kunne ha avslutta valden og spart sivile. Slik militær assistanse inkluderte våpen, trening og fordekt utplassering av hundrevis av soldatar frå Qatar, som til slutt gjorde opprørarane i stand til å fange og summarisk avrette Gaddafi og ta makta i oktober 2011.

Intervensjonen slo tilbake

Den største feiloppfatninga om intervensjonen til NATO er at den redda liv og var til fordel for Libya og nabolanda. I røynda hadde Gaddafi allereie vunne tilbake kontrollen over mesteparten av Libya då NATO intervenerte I midten av mars 2011, og opprørarane trekte seg raskt tilbake mot Egypt. Med det var konflikten på veg til å bli avslutta, berre seks veker etter at den hadde blussa opp, med eit samla tapstal på omlag tusen, inkludert soldatar, opprørarar og sivile fanga i krysselden. Ved å intervenere gjorde NATO opprørarane i stand til å angripe igjen, noko som forlenga krigen i sju månadar til og førte til minst 7000 fleire dødsfall.

Den beste utviklinga i postkrigs-Libya var det demokratiske valet I juli 2012, som førte ei moderat sekulær koalisjonsregjering til makta – ei klar forandring frå Gaddafis diktatur i fire tiår. Andre utviklingstrekk derimot, har vore mindre oppmuntrande. Dei sigrande rebellane utførte mengder av hemndrap og utviste 30 000, for det meste svarte innbyggarar i Tawergha på grunnlag av at nokre av dei hadde vore «leigesoldatar» for Gaddafi. HRW rapporterte i 2012 at slike overgrep «ser ut til å vere så utbreidde og systematiske at dei samla kan vere brotsverk mot menneskeslekta». Ironisk nok hadde slik rasistisk eller etnisk vald aldri funne stad i Gaddafis Libya.

Radikale islamist-grupper, undertrykte under Gaddafi, stod fram som dei mest aggressive opprørarane under krigen og nekta å avvæpne seg eller underordne seg regjeringsautoritet etterpå. Angrepet på US-amerikanske fasilitetar i Benghazi, der ambassadør Christopher Stevens og tre andre vart drepne, framheva den vedvarande trusselen dei utgjer. I april 2013 øydela ei bilbombe halvparten av den franske ambassaden i hovudstaden Tripoli. I lys av slik utryggleik er det forståeleg at dei fleste libyarane som svarte på ein meiningsmåling etter krigen ga uttrykk for nostalgi etter ein sterk leiar som Gaddafi.

Av nabolanda har Mali, som tidlegare hadde vore det eksepsjonelle eksempelet på fred og demokrati i regionen, lide under dei verste konsekvensane frå intervensjonen. Etter Gaddafis nederlag flykta dei libyske tuareg-soldatane av malisk opphav til Mali og starta eit opprør nord i landet, som fekk den maliske hæren til å styrte presidenten. Opprøret vart snart kapra av lokale islamistiske styrkar og al Qaida som innførte sharia og erklærte den svære nordlege delen for å vere eit uavhengig land. I desember 2012 hadde den nordlege halvdelen av Mali blitt «det største territoriet i verda kontrollert av islamistar» i følgje formannen for det amerikanske senatet sin underkomite for Afrika. Dette kaoset førte også til massive forflyttingar av hundretusenvis av maliske sivile, som Amnesty karakteriserte som «Malis verste menneskeretts-situasjon på femti år.»

Sofistikerte våpen frå arsenalet til Gaddafi, inkludert opp til 15 000 bakke til luft rakettar, hamna i hendene på radikale islamistar gjennom heile regionen. Intervensjonen til NATO, på vegne av opprørarane i Libya, oppmuntra også dei tidlegare fredelege demonstrantane i Syria til å ta til våpen i midten av 2011, med håp om å tiltrekke ein tilsvarande intervensjon. Resultatet blei ei eskalering i Syria som tidobla drapsratane i landet.

Lærdomar

Intervensjon frå NATO i Libya gjev minst tre viktige lærdomar for implementering av ansvaret for å verne. For det første må potensielle intervensjonsmakter passe seg for både desinformasjon og propaganda frå opprørarar. Viss vestlege land hadde oppfatta den opprinnelege konflikten i Libya presist – at Gaddafi brukte avgrensa og målretta makt mot valdelege stamme-, regionale- og radikale islamistiske-opprørarar – hadde NATO vore mykje mindre tilbøyeleg til å setje i verk sin kontraproduktive intervensjon.

Den andre lærdomen er at humanitære intervensjonar kan slå tilbake ved å eskalere opprør. Dette er fordi nokre grupper trur at ved å bruke vald for å framprovosere statleg gjengjelding kan dei tiltrekke slike intervensjonar som kan hjelpe dei til å oppnå deira politiske mål, inkludert regimeskifte. Men den resulterande eskaleringa aukar trugsmåla mot ikkje-stridande, før nokon potensiell intervensjon kan verne dei. Dermed kan høvet til humanitær intervensjon, som er meint for å verne sivile, i staden setje dei i fare gjennom ein hasardiøs moralsk dynamikk. For å dempe denne skadeverknaden er det nødvendig å unngå å intervenere av humanitære grunnar, på måtar som honorerer opprørarar, med mindre staten angrip ikkje-stridande.

Ein siste lærdom er at intervensjon som opphaveleg er motivert av ønsket om å verne sivile er tilbøyeleg til å utvide måla til å inkludere regimeskifte, sjølv om ein på denne måten forstørrar farane for dei sivile, i strid med det opphavlege motivet til intervensjonistane. Dette er delvis fordi dei intervenerande statane demoniserer regimet i landet dei angrip, for å rettferdiggjere intervensjonen ovanfor heimlege og internasjonale publikum. Denne demoniseringa hindrar seinare intervensjonistane frå å vurdere framforhandla løysingar som ville la regimet eller deira leiarar bevare noka makt, noko som typisk ville vere den raskaste måten å avslutte valden og verne ikkje-stridande. Slike lærdomar frå maktbruken til NATO i Libya tilseier at det er nødvendig med stor varsemd og omfattande utforsking av alternativ når ein vurderer om og korleis ein skal gjennomføre humanitære intervensjonar.

Alan Kuperman er tidlegare forskar ved Belfer Center for Science and International Affairs, Harvard Kennedy School. Artikkelen er omsett av Asgeir Bjørkedal.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s