Korfor 3. verdskrigen dukkar opp på horisonten

Paul Craig Roberts

«På dette tidspunkt kan kjernefysisk krig berre bli unngått på to måtar. Éin måte er for Russland og Kina å overgje seg og godta Washingtons hegemoni. Den andre måten er at uavhengige leiarar i Tyskland, UK eller Frankrike trekk seg frå NATO,» skriv USAs tidlegare statssekretær Paul Craig Roberts

Samanbrottet av Sovjetunionen i 1991 gav fødsel til ein farleg amerikansk ideologi kalla nykonservatisme (‘neoconservativism’). Sovjetunionen hadde verka som ei sperre for amerikanske einsidige tiltak. Med fjerning av denne sperra på Washington erklærte dei nykonservative agendaen sin for det amerikanske verds-hegemoniet. Amerika var nå den «einaste supermakta,» «unipower,» som kan fungere utan hemmingar overalt i verda.

Washington Posts nykonservative journalist Charles Krauthammer summerte opp den «nye røynda» som følgjer:

«Vi har overveldande global makt. Vi er historias utpeikte vaktarar av det internasjonale systemet. Da Sovjetunionen fall, blei noko nytt født, noko heilt nytt – ei unipolar verd dominert av ei enkelt supermakt ukontrollert av andre med rekkevidde til kvart hjørne av kloden. Dette er ei slåande ny utvikling i historia, ikkje sett sidan Romas fall. Sjølv Roma var ingen modell for kva Amerika er i dag.»

Den svimlande unipolare krafta som historia har gitt Washington, må beskyttast for ein kvar pris. I 1992 skreiv statssekretær Paul Wolfowitz Wolfowitz-doktrinen, som blei grunnlaget for Washingtons utanrikspolitikk.

Wolfowitz-doktrinen seier at «første målet» til amerikansk utanriks- og militære politikk er «å forhindre oppvoksteren av ein ny rival, anten på territoriet til det tidlegare Sovjetunionen eller andre stader, som utgjer eit trugsmål [mot amerikanske einsidige tiltak], som tidlegare Sovjetunionen stod for. Dette er den dominerande vurderinga som ligg under den nye regionale forsvarsstrategien og krev at vi forsøker å hindre nokon som helst fiendtleg makt frå å dominere ein region med ressursar tilstrekkeleg til å generere global makt.» (Ei «fiendtleg makt» er eit land som er sterkt nok til å ha ein utanrikspolitikk uavhengig av Washington.)

Den einsidige stadfestinga av amerikansk makt byrja for alvor under Clinton-regimet med intervensjonane i Jugoslavia, Serbia, Kosovo og flyforbodssona i Irak. I 1997 skreiv dei nykonservative sitt «Project for New American Century.» I 1998, tre år før 9/11, sende dei nykonservative eit brev til President Clinton der dei oppmoda til regimeendring i Irak og fjerning av Saddam Hussein. Dei nykonservative sette i verk programmet med å fjerne sju regjeringar på fem år.

Hendingane 11. september 2001 er sett på som «det nye Pearl Harbor», dei nykonservative sa det var nødvendig for å starte erobringskrigane deira i Midtausten. Paul O’Neil, president George W. Bush’ første finansminister, har offentleg uttalt at agendaen til Bush’ første møte var invasjonen av Irak. Denne invasjonen var planlagt før 9/11. Sidan 9/11 har Washington øydelagt heilt eller delvis åtte land, og no blir Russland konfrontert både i Syria og Ukraina.

Russland kan ikkje tillate at eit jihadistkalifat blir etablert i eit område som omfattar Syria/Irak, fordi det ville vera eit utgangspunkt for eksport av destabilisering i muslimske delar av Russland. Henry Kissinger sjølv har nemnt dette faktum, og det er klart nok for alle som har ein hjerne. Men dei makt-rusa fanatiske nykonservative, som har kontrollert Clinton, Bush og Obama-regima, er så oppslukte i sin eigen hybris og arroganse at dei er budde på å presse Russland så langt at dei let sin tyrkiske marionett skyte ned eit russisk fly og styrte den demokratisk valde regjeringa i Ukraina, som hadde eit godt forhold til Russland, og erstatte ho i staden med ei amerikansk marionettregjering.

Med denne bakgrunnen kan vi forstå at den farlege situasjonen verda står overfor, er produktet av dei nykonservatives arrogante politikk for verdshegemoniet. Gale analysar og farane i Syria og Ukraina er sjølve følgjene av nykonservativ ideologi.

For å halde fram med det amerikanske hegemoniet kasta dei nykonservative vekk garantiane som Washington ga Gorbatsjov om at NATO ikkje ville flytte ein tomme austover. Nykonservative trekte USA ut av ABM-avtalen, som sa at verken U.S. eller Russland ville utvikle eller distribuere anti-ballistiske missilar. Nykonservative skreiv på nytt den amerikanske krigsdoktrinen; frå atomvåpen som eit gjengjeldingsvåpen til eit første åtaksvåpen. Nykonservative byrja å sette ABM-basar ved Russlands grenser, og hevda at basane var for å beskytte Europa frå [fråverande] iranske kjernefysiske ICBM’ar.

Russland og Russlands president Vladimir Putin har blitt demonisert av nykonservative og deira marionettar i den amerikanske regjeringa og media. For eksempel erklærte Hillary Clinton, ein demokratisk presidentkandidat, Putin for å vera «den nye Hitler.» Ein tidlegare CIA-talsmann oppmoda til å myrde Putin. Presidentkandidatar i båe partia konkurrerer om å vera den mest aggressive mot Russland og den mest fornærmande mot Russlands president.

Verknaden er å øydelegge tillit mellom atommakter. Den russiske regjeringa har lært at Washington ikkje respekterer sine eigne lover, endå mindre internasjonal lov, og at Washington ikkje er truande til å halde nokon avtale. Denne mangel på tillit, saman med aggresjonen mot Russland som blir spydd ut frå Washington, amerikanske media med atterklang i idiotiske europeiske hovudstader, har etablert grunnlaget for kjernefysisk krig. NATO (hovudsakleg USA) har ingen utsikter til å nedkjempe Russland i konvensjonell krig, langt mindre mot ein allianse av Russland og Kina. Krigen må bli kjernefysisk.

For å unngå krigen, er Putin lågmælt og ikkje provoserande i sine svar på vestlege provokasjonar. Putins ansvarlege framferd er feiltolka av nykonservative som eit teikn på veikskap og frykt. Nykonservative ber president Obama om å halde presset oppe på Russland, så vil Russland gje etter. Men Putin har gjort det klart at Russland ikkje vil føye seg. Putin har sendt denne meldinga fleire gonger. For eksempel den 28. september 2015, på 70-årsjubileet for FN, seier Putin at Russland ikkje lenger kan tolerere tingas tilstand i verda. To dagar seinare tok Putin kommandoen over krigen mot IS i Syria.

Dei europeiske regjeringane, særleg Tyskland og Storbritannia, er medløparar i ferda mot atomkrig. Desse to amerikanske vasallstatane stør Washingtons uvørdne aggresjon mot Russland ved å gjenta Washingtons propaganda og stø Washingtons sanksjonar og tiltak mot andre land. Så lenge Europa berre er ei forlenging av Washington, vil vegen mot Armageddon fortsette.

På dette tidspunkt kan kjernefysisk krig berre bli unngått på to måtar. Éin måte er for Russland og Kina å overgje seg og godta Washingtons hegemoni. Den andre måten er at uavhengige leiarar i Tyskland, UK eller Frankrike trekk seg frå NATO. Dette ville starte eit rush for å forlate NATO, som er Washingtons hovudverktøy for å skape konflikt med Russland, og dermed er den farlegaste krafta på jorda for alle europeiske land og for heile verda. Viss NATO fortsetter å eksistere, så vil NATO, saman med den nykonservative ideologi om amerikansk hegemoni, gjera atomkrig uunngåeleg.

Omsett av Edvard Mogstad

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s